Høre stavkyrkje (540 moh)

  Turoversikt
  • Høre stavkyrkje. Fotograf: Thor Østbye.
  • Portal og støpul ved Høre stavkyrkje Fotograf: Dag Nordsveen.
  • Høre stavkyrkje - midtgangen Fotograf: Thor Østbye.
  • Høre stavkirke ligg på ein høgd ved Kvien-gardane. Fotograf: Thor Østbye.
  • Nordveggen på Høre stavkyrkje Fotograf: Thor Østbye.
Skildring av turen

Høre stavkyrkje er frå år 1179 i følge runane på staven i prekestolen. Sagaen fortel at kong Sverre drog gjennom Valdres i 1179 på flukt frå Magnus Erlingsson. Elling, lendmann på Kvie, hadde slutta seg til kong Sverre mot Magnus og far hass Erling Skakke. I 1179 fall Erling i slaget på kalveskinnet i Nidaros, og då avgjorde Elling og broren Audun at dei skulle bygge Høre stavkyrkje slik runane seier: ”Den sumaren då brørne Erling og Audun hogg til denna kyrkja fall Erling i Nidaros”. Årringar av tømmeret visar at det vart felt mellom 1178 og 1179.

Høre stavkyrkje har ein rik treskurd frå middelaldaren med draker og løver. Toppmasker øvst på stavane visar samanhengen med hedendommen. Portalane i stavkyrkja er blant dei mest kjente og høyrer til det ypperste av treskurd frå norsk middelalder. Den tidligare takryttaren er no port inn til kirkegarden. På portalen mot veggen i våpenhuset sit eit spesielt fint smijernsbeslag med underplate av messing frå middelaldaren. Det ligner beslaget i Hedalen, Reinli, Lomen og kyrkjer i Sogn, og viser slektskap mellom kyrkjene. Eit røkelseskar fra middelalderen heng i koret. To klokker i tårnet er og frå middelaldaren.

Det finst fleire runeinskrifter rundt i kyrkja, og på gjenstander som fortel om ”Bård”, ”Åsgrim”, ”Sigrid” og ”Gunne”.

Adkomst: Følg E16 vestover fra Fagernes og 1,5 km forbi Ryfoss. Her tar du av fylkesvei 293. Etter 2 km ser kirken. Parkering på oversida av kyrkja.

Artigt å veta

Kyrkja sto så godt som uendra fram til 1822. Då vart ho ombygd på same vis som Lomen og Hegge. Koret vart bygd nytt, den halvrunde koravslutninga bak alteret (apsis) vart fjerna, kyrkja vart utvida mot vest, og veggane i skipet flytt ut på svalgangane sin plass for å utvide kirkerommet. Skipets takkonstruksjon er skjult av en sekundær himling, og dette kan ha vorten gjort for å skjule dei dekorerte maskene som kroner stavane som ber midtrommet. Fleire av maskene har dyrekarakter.

Utvendig er det kanskje mindre som minner om den opprinnelege kyrkja, men innvendig framtrer stavverket klart og viser kyrkja sin opprinnelege storleik.

Stavkyrkja ligger i ei li med utsikt over Valdres. På nabogarden Kvie vart Gyda oppfostra. Gyda var datter til kong Eirik av Hordaland. Det var ho som fekk Harald Hårfagre til å samle Norge til eitt rike. Avtala var at han ikkje skulle klyppe hår eller skjegg før han hadde samla landet. Da han hadde gjort det, vart Gyda gift med Harald.
Andre kjelder seier at mor og far til Hertug Skule gifta seg i Høre stavkyrkje på 1200-tallet. Dette seier noko om den posisjon bonden på Kvie hadde på denne tida.

Kilder: http://norske-kirkebygg.origo.no, http://no.wikipedia.org, http://www.veroldin.com, http://www.valdres.com/, Katharina Sparstad.

Enkel tur

Turen høver for nybyrjarar, og krev ingen særskilte ferdigheiter. Underlaget er fast og jamnt, og utan hindringar. Ingen vading eller kryssing av bekk.

Om graderingane

Sesong

Vêrmelding

I dag, sø. 24. september kl. 12:

Temp
Regn0 mm
0.2 m/s frå aust-søraust

I morgon, ma. 25. september kl. 12:

Temp12°
Regn0 mm
0.8 m/s frå sør-søraust

Fleire turmål i denne kategorien

Kvednahuse i Leineån
Skålgropfelt Tyinkrysset
Bøgahi Skræmetindane
Øye stavkyrkje