Vang i Valdres

11°
 

Arkiv: Aktuelle saker

14
mai
2013
Å byggje hytter for festivalpublikummet til Vinjerock er tanken bak det nye hytteprosjektet «Ludolia» i Vang.
29
april
2013
Sjølv på høgfjellet kan ein kjenne at våren er i lufta, og det er klart for årets siste helg i alpinbakkane på Tyin-Filefjell. For å feire at vinter og vår møtast markerar ein sesongavslutninga med arrangementet Sløsjdagen 2013.
19
april
2013
Førstkommende juni flytter Torstein Lerhol hjem igjen til gården i Vang. Det er en engasjert og spennende ung mann som vender hjem, og med han følger en mengde nye arbeidsplasser. Kanskje er du en av hans nye assistenter? - En som får være med på hans usedvanlig innholdsrike hverdag? Vi lar Torstein få presentere seg selv:
11
april
2013
Ein suksess det har vore tre gongar før, Du med eit hjarte for Vang difor bør, Eta eit måltid av det majestetiske slaget, Og dysta deg fram som quiz-vinnarlaget, Saman med 89 andre sprudlande mann, Kom deg på Fredagskos om du kan!
08
april
2013
Ein gjeng unge og lovande vangsgjeldingar med vener tilbrakte dei fyrste dagane av påskeferien på langtur i Skarvheimen, ein tur som på alle moglege måtar vart ein suksess. Les turrapporten og sjå bileta her!
23
mars
2013
Med snø i bakkane og sol i vente kan Vang by på eit spekka program i påska. Ein av dei faste tradisjonane er påskelunchen i Børrelia (Filefjell) på langfredag. Etter mange år som primus motor har Gerd Marken no levert stafettpinnen vidare til Line Myhre og Hanne Fjeld. Damene lovar fortsatt god mat, god stemning og mange spennande aktivitetar for heile familien!
20
mars
2013
Visste du at det går et stort skirenn av stabelen på Filefjell i påsken? Og at det har løyper og premier for både småttiser, mosjonister og de mer kompetative menneskene med masse krutt? Filefjellrennet håper å inkludere nettopp deg og din familie, så kom dere opp i høyfjellssola på skjærtorsdag.
11
mars
2013
I Vang bor det syv svært koselige mennesker som er på slutten av, eller nettopp er ferdige med språkopplæringen i norsk. Mari og Caroline fra Innovangsjon og Marte fra Frivilligsentralen traff disse i forrige uke, og var så heldige å bli bedt med på flerkulturell kveld. Bli med tirsdag 12. mars du også!
04
mars
2013
Ingvild Sæten flytta frå Vang på Hedmarken til Vang i Valdres for 30 år sidan. Ho var i lang tid med på å drive Filefjellstuene, og du kjenner ho kanskje best pga. hennar framifrå kokkekunst. Men no går ho nye vegar, og gjev oss alle moglegheita for ein velfortent pause i kvardagen.
01
mars
2013
Innovangsjon har nok ein gladsak å juble for no om dagen: Vang Sparebank har løyvd 100.000 kroner i driftstilskot til Innovangsjon for året 2013! Midlane skal nyttast til målretta næringsutviklingsarbeid og arrangement tilknytta dette.
21
februar
2013
Mange timars graving og finpuss ventar før Jotunheimens største utandørs snølerret er klart til i morgon kveld. Men arrangørgjengen bak Snøfilm er godt i rute torsdag formiddag.
19
februar
2013
Om du oppheld deg i området rundt Tyin-Filefjell i helga kan du kombinere skileik i bakken med ein filmfestival litt utanom det vanlege. Tyin-Filefjell Utvikling bles i gong årets Snøfilm-festival med gratis film for både store og små heile helga! I tillegg skjer det mykje anna moro på fjellet i vinterferievekene. Last ned heile programmet inne i saka.
14
februar
2013
Endeleg er det offisielt. I Vang kan båe nye og gamle sambygdingar få seg ein velkomstven! Ein du kan spørja om stort og smått. Ein som kan vere inngangsportalen til å bli kjend med enda fleire. Oppslutninga av nye velkomstvener var enorm på førre Fredagskos, og me oppfordrar også andre til å melde interesse båe som velkomstven og ein som ynskjer ein ven.
06
februar
2013
Dei to siste dagane har Arne-Kristian Teigland (31) frå Hardanger vore på studietur i Vang, for å la seg inspirere av bygdeutviklingsarbeidet som pågår kring Innovangsjon. Med utspring frå festivalen Bygdalarm er føretaket «Bygdagnist» under oppseiling i Øystese, og likskapen med det som foregår i Vang er stor.
04
februar
2013
Om du oppheld deg i området rundt Tyin-Filefjell 22.-24.februar kan du sjå fram til ein filmfestival utanom det vanlege. I dag lanserar vi programmet for årets Snøfilm – og vi lovar noko for ein kvar smak.
31
januar
2013
Sundag 3. februar blir tidlegare års suksess med skigudsteneste gjenteken i Vang kyrkje, og onsdag 6. februar er det Samefolkets dag med kveldsgudsteneste i Øye kyrkje og festsamling på skulen. Sokneprest Carl Philip ynskjer alle velkomne til allsang om ski og kvite vidder, varm drikke i gapahuk, salmesang på samisk, reinsdyrsuppe, piano- og ukulelespel, og så mykje, mykje meir.
16
januar
2013
Fredag 8. februar er det atter duket for "Fredagskos"! Sommerhotellet er stengt for vinteren pga. kulda, men Mjøsvang kafé inviterer oss inn i varmen i deres flotte, nye lokaler. Hanne og Pedro vil servere spennende tapasretter med både norsk og chilensk opphav, og det blir quiz med lokale gledesspredere. Meld deg på før det blir fullt!
16
januar
2013
Engasjementet var stort og meiningane mangfaldige blant dei mange entreprenørane som stilte opp på Innovangsjon sitt lunsjmøte i går. Hensikten var å lufte interessa for eit nytt bedriftsnettverk, som i fellesskap skal arbeide for å vidareutvikle og styrke desse næringane i Vang for framtida.
13
januar
2013
Innovangsjon sin halvårsrapport for siste halvdel av 2012 og arbeidsplan for 2013 er no klare, og det teiknar til å bli eit hektisk år. Nytt kontorfellesskap, fiberutbygging, omfattande bustadkartlegging og etablering av fleire bedriftsnettverk er blant hovudsatsingane i året som kjem. Les både rapporten og arbeidsplanen i sin heilskap inne i artikkelen!
11
januar
2013
Vang har fått en flunkende ny frivilligsentral, og nytilflyttede Marte Tangen (28) trådte inn som daglig leder rett etter nyttår. Frivilligsentralen er eid av Vang kommune og får støtte fra Kulturdepartementet. Det er mye som fortsatt skal på plass, men den frivillige aktiviteten i Vang er allerede i full blomstring.
10
januar
2013
Helga 22.-24. februar er det klart for tidenes mest spektakulære filmopplevingar i Vang. Då kan du nemleg få sjå storfilmar i eit digert amfi av snø rett oppunder Børrenøse, som ein del av den nye festivalen «Snøfilm», som Tyin-Filefjell Utvikling står bak.
07
januar
2013
På bakgrunn av innspel frå fleire av entreprenørane i kommunen tek Innovangsjon no initiativ til etablering av eit bedriftsnettverk for aktuelle verksemder i Vang. Formålet er å samarbeide om både utfordringar, moglegheiter og konkrete utviklingsprosjekt. Tysdag 15. januar er det ope oppstartsmøte for alle som kan tenkje seg å delta.
22
desember
2012
Laurdag 29. desember er det duka for stortsilt feiring av Vang IL sitt 100-årsjubileum! Med skidag og fest på agendaen er det ei verdig feiring av jubilanten som er i vente.
21
desember
2012
Innovangsjon har i haust og vinter oppmoda alle med smarttelefon til å legge ut bilete frå Vang i applikasjonen Instagram, og teljeverket stogga til slutt på 263 bidrag. I dag har juryen kåra sin favoritt, som vann to festivalpass til Vinjerock 2013.
20
desember
2012
Forrige fredag kunne Åshild Leine og Heidi Hålien flytte inn i kvar sin splitter nye bustad i Ryfoss, takka vera framtidsretta og driftige entreprenørar i Tveitabru Bygg AS. No vil dei bygge meir, dersom interessa er tilstades.
18
desember
2012
I kveld vart fyrste kapittel skrive i ei lang soge med mange nye kinoeventyr i Vang. Og når 12,5% av alle innbyggjarane i kommunen møtte opp på preimeredagen så kan det ikkje kallast noko anna enn ein suksess!
12
desember
2012
Og det gjer sanneleg James Bond også. Det er duka for storfint besøk til bygda, etter at lokal eldsjeler har fått i gang eit samarbeid med Bygdekinoen. På måndag brakar det laus i auditoriet på VBU.
09
desember
2012
Caroline Fleten (31) er tilsett som Innovangsjonsminister frå nyttår, og to månader seinare byrjar Mari Blom (31) i prosjekstillinga som bustadskartleggjar for Innovangsjon SA.
05
desember
2012
Innovangsjon SA er eit idealistisk samvirkeføretak som jobbar for å fremje bulyst, tilflytting og næringsutvikling i heile kommunen. Innovangsjon skal ikkje ta stilling i politiske einskildsaker, jfr. debatten kring skulestrukturen i Vang i desse dagar – men me forstår godt dei innspela som er komne fram i debatten.
04
desember
2012
Julegateopninga i Ryfoss vart ein svært så triveleg kveld, også i år. Snøen var komen – men også kuldegradene – og det skapte ein ekstra stemning over sentrum. Minus ti viste graderstokken, og me var spente på om Fjellblom musikklag måtte kaste inn årene – men det gjorde dei ikkje!
29
november
2012
I fjor forsvann alle dei 3 000 billettane til Vinjerock i løpet av 3 timar og 13 minutt. Laurdag klokka 10 hamnar festivalpassa til 2013-­‐utgåva av festivalen på marknaden. Kor lenge vågar du å vente?
28
november
2012
Du vet du er på ungdomsskolen i Vang når samtlige elever ikke tar fem øre for å klippe opp, røske ut innvoller og står og skrubber fiskeslim med et smil om munnen. Elever ved VBU har lagt ned rakfisk. Da mener vi skikkelig rakfisk fra Vangsmjøsa, og ikke den fjøsfisken som vokser opp i flokk lenger nede i dalen, eller enda verre, på andre sida av dalføret.
27
november
2012
Julegateopning i Ryfoss og på Filefjell, julekonsert i Vang kyrkje, Fredagskos på Sumarhotellet og juleverkstad på VBU. Den komande helga blir det liv og røre i alle krikar og krokar av kommunen!
20
november
2012
Fyrstkomande helg inviterer ei tjuetals handverkarar frå Vang til førjulsmarknad på Øye skule. Alt frå bakst til bøker og smykker er blant godbitane du kan kjøpe med deg heim.
19
november
2012
Innovangsjon sin næringsutviklar har fått nye spanande utfordringar i vangsfjella, og dagens Innovangsjonsminister overtek stillinga hans frå nyttår. Difor søkjer vi no etter ny Innovangsjonsminister frå 1. januar 2013. Med andre ord: Draumejobben i Vang er ledig!
14
november
2012
Ordreboka er stappfull for Jotun Bygg AS, entreprenørfirmaet til Geir Morten Sveberg. Seks snikkarar står på lønningslista i dag, og fleire kan det bli. For å sørge for at firmaet held stø kurs framover er han no på jakt etter ein dagleg leiar med byggteknisk kompetanse.
13
november
2012
Kun ein handfull bustader og bedrifter i Vang har fått kopla seg til fiberkabelen som går gjennom Vang kommune. Det ynskjer Innovangsjon å gjere noko med, og i dag vart ei prosjektgruppe etablert i eit eige arbeidsmøte med breibandsdekninga i Vang på agendaen.
13
november
2012
Driftsleiar Ole Martin Jægersborg i Tyin-Filefjell Skiheiser fortel dette i ei nyhetsmelding. – Om ikkje mildvêret blir for tøft mot oss går vi mot ei alle tiders sesongopning på laurdag, slår han fast.
13
november
2012
Torsdag kveld klokka 20:00 går startskotet for Vang Sanglag sin kabaret «Mange bekker små...», som – slik namnet tyder på – handlar om vatn.
08
november
2012
Fredag 30. november blir det ny runde med «Fredagskos» på Sumarhotellet! Denne gongen med førjulskonsert i Vang kyrkje – av og med lokale ungdommar – som oppvarming. NB! Vær snøgg med å melde deg på, det byrjar å fylle seg opp.
07
november
2012
8.-klassinger ved VBU fikk tilbringe en morgen hengende fra taket på stabburet i prestegården, noe som falt i smak både hos elever, lærere og prest. Vi kan slå fast at «apekatt»-faktoren hos 8.-klassingene i Vang er høy, men på en veldig bra måte.
02
november
2012
På onsdag arrangerte Innovangsjon lunsjmøte på Sumarhotellet i samarbeid med Innovasjon Norge. Rundt 60 deltakarar deltok på møtet, og mange av dei hadde også eigne møter med Innovasjon Norge om konkrete prosjekt.
29
oktober
2012
Denne veka er det sparebankveke i Vang Sparebank. – Me byr på mykje moro heile veka, og langope til 17:30 på torsdag, fortel banksjef Arnfinn-Helge Kvam.
25
oktober
2012
I morgon går startskotet for tidenes fyrste Fjellfest, og innspurten er i full gang medan snøfillene fyk kring øyro våre. Arrangørane er snart klare for å ta både hyttefolk og bygdefolk vel imot!
22
oktober
2012
Laurdag 10. november skal Valdreskvelven spel- og dansarlag arrangere «Vangsleik» på Åsvang. Arrangørane byr på ein heilaften med uformell mønstring, song, folkedans, konsert med Nina Bendiksen – i tillegg til ein skikkeleg fest for å markere jubileet.
19
oktober
2012
Det skortar ikkje på folk som ynskjer seg i framtid i Vang. Den største utfordringa er derimot å skaffe dei bustader i kommunen. Kunne du tenkje deg å jobbe for å få ledige bustader og tomter i Vang ut på marknaden for leige eller sal?
18
oktober
2012
Onsdag 31. oktober inviterer Innovangsjon og Innovasjon Noreg dagens og framtidas gründerar til lunsjmøte på Sumarhotellet. Vang Sparebank spanderer lunsjen. Kan det betre bli?
17
oktober
2012
Handel, pubkveld, vangsquiz, gratiskonsert med Mhoo, workshop om framtida for reiselivet i Vang og fjellfiskfest med toraderspeling til langt på natt er noko av det som står på programmet når Innovangsjon arrangerer tidenes fyrste «Fjellfest» i samarbeid med Tyinkrysset Fjellstue og Filefjellstuene neste helg!
16
oktober
2012
Innovangsjon SA sin næringsutviklar, Magne Grihamar, har fått innvilga permisjon utan løn fram til nyttår for å ta hand om leiinga av Tyin-Filefjell Utvikling AS i ei krevjande oppstartsfase. Samstundes blir ei ny prosjektleiarstilling i Innovangsjon utlyst seinare denne veka.
05
oktober
2012
Kva slags type bustader og tomter vil vangsgjeldingane ha i åra som kjem? Leilegheiter og rekkehus? Einebustader? Småbruk? Tomt i bustadfelt? Tomt langt frå bustadfelt? I samarbeid med Vang kommune og potensielle utbyggjarar jobbar vi for å få fleire nye og gamle bustader ut på marknaden - og no håpar vi du kan hjelpe oss ved å fortelje kva slags type bustad du ynskjer deg i Vang!
28
september
2012
Fredagskosen på Sumarhotellet sist fredag var vellukka. Med 60 blide fjes, god mat og drikke, vangsquiz og litt fagleg innhald frå den lokale reinsnæringa, blei dette ein svært så sosial og hyggeleg kveld.
28
september
2012
Innovangsjon inviterer hytteeigarar og bygdefolk til ei triveleg helg med fokus på god mat og drikke, møteplassar og eitt spørsmål: Kvar går vegen vidare for reiselivet i Vang?
18
september
2012
I vår gjorde den lokale vokalgruppa Kurve storeslem med «Chili con Kurve». No er dei attende med ein oppjustert versjon, og på sundag speler dei på Torsheim!
11
september
2012
Leiar i Vang skule- og ungdomskorps, Andris J. Kvam, har sendt oss ei etterlysning. – Eg har mista både ungar, ungdom og vaksne musikantar, fortvilar han.
10
september
2012
Lista over påmeldingar var berre to dagar gamal før den fyrste fredagskosen i regi av Innovangsjon måtte flyttast til eit større middagsbord. Sumarhotellet blir ny arena, men snart er lista over deltakarar fylt til randen der også. I tillegg til mat og drikke byr Innovangsjon no også på overnatting, frukost og fjelltur dagen derpå.
08
september
2012
Fredag 21. september går startskotet for ein ny tradisjon i Vang, nemleg fredagskosen på Klokkarhaugen. Innovangsjon inviterer nye, gamle og framtidige vangsgjeldingar til ein kveld fylt med god mat, god drikke, gode historier og god stemning!
05
september
2012
På laurdag kan du kombinere ei eigen turoppleving med å høyre om to jenter sin eventyrlege tur. Tyin Aktiv og Vang Sparebank byr nemleg på sykkeltur langs Tyin og turforedrag med Randi og Åslaug på Fondsbu.
05
august
2012
Me skriv no august og det går mot ei fin tid for turar i skog og fjell.
01
august
2012
No kan du søkje på ein spanande stilling på fjellet! Tyin/FIlefjell Utvikling ynskjer ein dagleg leiar.
09
juli
2012
Til midten av august er det ope mellom 10:30 og 17:00. Ta ein tur innom for ein kaffi og vaffel
05
juli
2012
Båe dei to kjente og kjære reiselivsverksemdene våre på Tyin-Filefjell er opne kvar dag gjennom heile sommaren. Vangivaldres.no har vore ein snøggtur innom dei no i starten av juli.
02
juli
2012
Vangivaldres.no blei invitert bort til Synshagen næringspark for å høyre meir om moglegheitene for kontorplass som fins der. Vidar Wangensteen og Egil Karlsen i Synshagen Næringspark AS kunne fortelja at dei for tida har nokre ledige kontorplassar.
28
juni
2012
"Gamle og unge, med og uten rullestol, rullator, i barnevogn eller trillebår, topptrente, turgåere og de som helst kjører bil eller buss, kan delta på stafett i Vang sentrum lørdag 16. juni!", var oppfordringen i fra arrangørene Vang IL og Tyin Aktiv AS. Team Midtgarden fra Vangsheimen tok oss på ordet og stilte med rullestoler og ledsagere på flere etapper.
27
juni
2012
I år var ikkje været heilt med oss, men det kom likevel mange til fjells. Og det positive var at så mange "lokale" kom oppover. Omtrent 250 var innom i år, og det var nok været som trakk det ned talet samanlikna med i fjor, men dei som var her kosa seg masse!
25
juni
2012
Årets Farmendag ble en dag med trøkk i fra tidlig morgen til langt uti de sene nattetimer. Alt som skal til er en ide fra en kreativ sjel, krydret med handlingsvilje og mot til å trø til. Vips! Farmendagen 2012 ble en realitet.
22
juni
2012
Sommarutstilling på biblioteket som åpnar laurdag 23. juni kl. 15:00. Utstillingen er bilete take av elevane på fotokurset i Vang Kulturskule. Elevane er Julie Høyme, Nora Bjørsland Svingen, Vemund Sæten Hermundstad og Sven-Ingar Moen. Lærar har vore Ivar Hagerup.
21
juni
2012
Bli med på ein flott dag der opplevingane står i kø! Natur, kultur og kyrkje har hengt saman i mange hundre år, og slik er det framleis. Noko av dette vil ein sjå søndag den 24 juni då alle er invitert med på sykkeltur Vangsmjøsa rundt. Syklinga går føre seg i etappar med gode pausar innimellom. Dagen blir fylt med mykje song og musikk både i kyrkje og natur.
17
juni
2012
For 2. gang blir det ”Filefjell Familie- og Opplevelsesdag” på Tyinkysset, oppmøte skjer ved Intersport og Joker! Arrangementet er den 23. Juni frå kl. 12:00 til 17:00.
09
juni
2012
Gamle og unge, med og uten rullestol, rullator, i barnevogn eller trillebår, topptrente, turgåere og de som helst kjører bil eller buss, kan delta på stafett i Vang sentrum lørdag 16. juni!
01
juni
2012
Natursti, konkurranser, utendørs spinning og motorsagshow er berre noko av det du kan oppleve i Ryfoss den 16. juni. Då arrangerar dei lokale bedriftene Farmendag!
30
mai
2012
Det er planar for ein aksjon den 4. juni for ny tunnel i Kvamskleiva. Bjørg Olimb i aksjonsgruppa har sendt oss ei melding om kva som er bakgrunn for aksjonen og kva som skjer fyrstkomande måndag. Les kva aksjonsgruppa skriv i denne saka.
16
mai
2012
Måndag kveld var det sikkert fleire som la merke til at det var mange traktorar langs vegen. Helge Lajord, som er leiar i Vang Bondelag, har sendt oss dette skrivet etter aksjonen.
24
april
2012
Innovangsjon SA hadde årsmøte måndag 23. april, og på agendaen sto blant anna val av styre for det komande året. Dermed er tida inne for å takke av dei avtroppande representantane, og å presentere dei nye eldsjelene som skal jobbe med å forme framtidas Vang. (Biletet syner brorparten av det foregåande styret. Foto: Nationen).
17
april
2012
vangivaldres.no har vore på lufta sidan 6. september 2011. Sidan den gong er sida vist 88 541 gonger av 8 485 unike vitjarar. Vi har teke ein kikk på kva som har fanga interessen mest blant gjestene våre sidan byrjinga.
11
april
2012
Ideen dukka opp på eit landsmøtenachspiel i Senterungdommen. No er kalendarprosjektet i ferd med å bli realisert, og takka vera ein aktiv politikar frå nordsida av Vangsmjøsa har fleire av dei avbilda bygdeheltane hamna blant mektige kulissar i Vang.
09
april
2012
Vinjerock sin påskehare har dei siste dagane vore på friarferd gjennom heile Vang. Fem heldige vinnarar har funne kvart sitt egg med to festivalpass til den utselde festivalen. Sjå bileta her!
01
april
2012
Påskeveka er høgtid for aktivitetar i Vang, og i dei vestlege delane av Jotunheimen er det også godt med snø enno. Vi har teke ein prat med nokre av turistbedriftene i kommunen for å få ei oversikt over kva som skjer.
30
mars
2012
I påska kan det opne seg moglegheiter for dei som manglar festivalpass til årets Vinjerock. Påskeharen har nemleg varsla sin ankomst til fjellheimen øvst i Valdres, med sekken full av påskeegg til dei som er klare for ta i bruk ski, truger eller fjellsko for å bli med i jakta.
20
mars
2012
Det var eitt av hovudbodskapa til reiselivsforskar Thor Flognfeldt, som tysdag kveld held foredrag for reiselivs- og næringsaktørar i Vang. Flognfeldt var invitert til Tyinkrysset for å prate om fritidsbustader som næringsgrunnlag for bygdesamfunn.
13
mars
2012
Innovangsjon SA tilset no to lokale personar i sine to stillingar. Det er Magne Grihamar som næringsutviklar og Eirik Høyme Rogn som innovangsjonsminister. Båe kjem opphavleg frå Vang, men har budd utanfor kommunen ei lengre periode, og dei tek med seg mykje nyttig kompetanse og erfaring heim til Vang.
09
mars
2012
– Det blir alltid fest med ein eksentrisk svenske på plass, slår festivalsjef Eirik Høyme Rogn fast. Torsdagskvelden på Vinjerock brakar det laus med heile seks av dei på scena samstundes. Eit av Sveriges største band er klare for fjellfestivalen i Vang. Med seg på turen får dei også artistane Casa Murilo, Violet Road og Cazadores.
08
mars
2012
Næringslivet i Vang stilte mannsterke (og kvinnesterke) opp når Innovangsjon i dag inviterte til lunsjmøte på Torsheim. Godt og vel 60 ivrige deltakarar samla seg til mat, informasjon og debatt.
06
mars
2012
Randi og Åslaug kjem seg stadig lengre opp på noregskartet. Sidan førre rapport på vangivaldres.no har dei no kome seg heilt til Røros, og undervegs har dei blant anna vore innom heime i Valdres ein tur. Stort bildegalleri inne i saka!
06
mars
2012
På grunn av stor påmelding blir Innovangsjon sitt lunsjmøte med næringslivet på torsdag flytta på ny: Denne gongen til Torsheim.
02
mars
2012
Sola skin frå knallblå himmel, graderstokken syner ein varmegrad og pølsegrillen er trilla ut i sola. Stemninga er på topp hjå Tyin Ski ved inngangen til den siste vinterferiehelga.
29
februar
2012
– Tyin/Filefjell has the potential to be the best ski destination in Norway, because it’s big enough, the ground area is not destroyed, it's in the middle between Oslo and Bergen and it is one of the most snow secure areas in Norway, sa Paul Matthews til forsamlinga som hadde møtt opp.
23
februar
2012
Rockens høvdingar i Noreg er klare for fjelltur, og skal avslutte laurdagen på årets utgåve av Vinjerock. – Det soleklart mest etterspurde bandet kvart einaste år, fortel festivalleiar Eirik Høyme Rogn.
23
februar
2012
Sjølv om Den Norske Turistforening har mange hytter i umiddelbar nærleik av store alpindestinasjonar, stoggar eventyret ofte på toppen av heisen for mange. No har foreninga lansert ei spesialutgåve av Fjell og Vidde, retta mot alpin- og hyttefolket. Tyin/Filefjell er ein av ni utvalde destinasjonar frå heile landet.
21
februar
2012
NB! Grunna stor påmelding er møtet flytta til Torsheim. På sjølvaste kvinnedagen, torsdag 8. mars, inviterer Innovangsjon næringslivet i Vang til lunsjmøte. Agendaen er kort men kompleks: «Framtida til Vang».
15
februar
2012
TV2 var i Vang måndag og tysdag, og tok pulsen på livet i fjellbygda. Fredag klokka 08:15 kjem innslaget på TV-skjermen, men allereie no kan du få nokre smakebitar på heimesida til God Morgen Norge.
13
februar
2012
Fekk du ikkje med deg premiera på TV-serien Fjellfolk i går kveld? Fortvil ikkje, alle episodane blir nemleg lagt ut i NRK sin nett-TV.
10
februar
2012
Det var tittelen på ein film som vart produsert for 12 år sidan. Temaet var utviklingspotensialet i Vang, med mange lokale heltar i «hovudrollene». Dokumentaren skulle eigentleg sendast på riksdekkande TV, men av ukjende grunnar skjedde aldri det. Tre kommunestyreval seinare har derimot vangivaldres.no fått tak i godbiten!
09
februar
2012
Tidleg i neste veke kjem TV2 til Vang for å lage reportasjen som hamnar på skjermen neste fredag. I mellomtida lagar dei eit bildegalleri med dei beste bileta frå Vang på heimesida si. Del dine blinkskot!
08
februar
2012
Har du eit husvære eller ei leilegheit til utleige i Vang? Innovangsjon får stadig spørsmål frå folk som er på jakt etter tak over hovudet i fjellbygda, og vidareformidlar gjerne gode tips. Fortel oss kva du har å by på!
07
februar
2012
Dugnad er den nye folkesporten i Vang! Og med god hjelp frå patriotar over heile landet parkerte vi bussen skikkeleg når det gjaldt som mest. - Det er heilt uvirkeleg korleis folk har mobilisert, seier ordførar Vidar Eltun.
07
februar
2012
Djupe skogar knivar mot høge fjell i kampen om å få TV2 på vitjing. Bjoneroa og Vang byttar på å leie, og klokka 22 i kveld renn timeglaset ut. Benk deg framfor maskina og stem for livet!
04
februar
2012
Mandag den 6. februar er det Samefolkets dag, og i år som tidligere år vil dagen bli feiret i Øye med kveldsgudstjeneste i Øye kyrkje.
03
februar
2012
TV2's God Morgen Norge skal vitje ein stad i kvart fylke framover, og Vang er plukka ut som ein av fem kandidatar i Oppland. Vinnaren blir kåra av sjåarane, og fram til tysdag kan du stemme fram Vang!
01
februar
2012
Vang Turlag fekk ein pangstart i jomfruåret 2011, til trass for mykje vêr gjennom heile sumaren. No har turlaget, og det nystarta Barnas Turlag i Vang, programmet for 2012 klart!
31
januar
2012
Om du har tenkt å søke på ei av dei nyoppretta stillingane i Innovangsjon SA er tida i ferd med å springe frå deg. Fristen går nemleg ut i dag! Saka er også omtala i dagens utgåve av Nationen.
27
januar
2012
Denne veka er ein stor delegasjon med vangsgjeldingar i Canada, saman med fleire politikarar og reiselivsfolk frå Gudbrandsdalen og Lillehammer. Inspirasjon og læring står på timeplanen.
26
januar
2012
- Me er så heldige som får leve turlivet, me kosar oss! Det skriv turjentene Randi og Åslaug i bloggen sin, etter å ha fullført fyrste etappe av turen mellom Lindesnes og Nordkapp.
24
januar
2012
Søndag 29. januar blir tidlegare års suksess med skigudsteneste gjentatt i Vang kyrkje. Skigåing og vinteridrett er ikkje omtala i bibelen, men snø og is kjende dei vel til i bibelsk tid.
23
januar
2012
Vangs eige telemarksfantom, Lasse Skøre, leverte i dag førebels karrierebeste med 11. plass i verdscuprennet som gjekk av stabelen i Bohinj i Slovenia.
17
januar
2012
Det vinterlege musikalske høgdepunktet for vangsungdommen nærmar seg: Jotnerock går nemleg av stabelen på fredag. Og programmet er sett saman av Ungdomsrådet. Kort oppsummert: Hiphop, hiphop og hiphop. Alt ligg til rette for urban stemning på Torsheim til helga!
16
januar
2012
Treningssenteret Tyin Aktiv inviterer til kosthaldskurs på VBU tysdag 24. januar. Lavkarbo og mat som gjev overskot er blant godbitane i programmet for kvelden.
12
januar
2012
For å nå målsetjingane våre treng Innovangsjon SA to kloke og engasjerte hovud med seg på laget. I den samanheng utlyser vi no to fulltidsengasjement: Innovangsjonsminister og Næringsutviklar.
11
januar
2012
Om du nokon gong har vore på Eidsbugarden er det i allefall ein ting du aldri gløymer: Vertinna på Fondsbu. Solbjørg Kvålshaugen tek fjellfantane med storm, og i vinter er ho også ein av hovudpersonane i serien «Fjellfolk» som går på NRK1 frå 12. februar.
10
januar
2012
I TV2-serien «Sønner av Norge», som hadde premiere i går kveld, jaktar 4 unge amerikanerar på norsk kjærleik. Ein av beilarane til California-jenta Jessie Mason er høresbygdingen Werner Hålien (28).
09
januar
2012
I romjula møter eg to jenter. To blide, trivelige jenter. Ei frå Øystre og ei frå Vang. Båe i starten av 20 åra. Båe glade i naturen. Dei skal ut på sitt livs hittil lengste tur.
06
januar
2012
I byrjinga av neste veke møter du Innovangsjon og styreleiar Eli Belsheim på NRK Østnytt.
04
januar
2012
Ryfoss Vel og Høre/Ryfoss IL arrangerte nyttårsmarsj for tredje året på rad den 1. januar. Inger Kongslien Tveit har sendt oss ein liten rapport og mange bilder.
23
desember
2011
Eit begivenheitsrikt år er snart omme, men det er ikkje slutt på moroa i Vang av den grunn. Blant anna står den alltid legendariske «fjerdedagsfesten» på programmet for alle mellom 19 og 30 år i kommunen.
16
desember
2011
Tek turen til fjells saman med Sondre Lerche, El Cuero og Bare Egil Band. Fire nye band er med det klare for det sjette kapittelet av festivaleventyret på Eidsbugarden. Omparock frå Jæren, gladrock frå Bergen, køntri frå Kristiansund og rockehumor frå Oslo Aust står på programmet under Vinjerock 2012.
15
desember
2011
Det er no moroa for alvor kan byrje! Vang kommune har løyva stønad til Innovangsjon, som gjer at me kan tilsetje to personar på heiltid til å jobbe med aktuelle saker for Innovangsjon; ein Innovangsjonsminister og ein Næringsutviklar.
13
desember
2011
Sjølv midt i villaste julestria stiller damene opp i hopetal til zumbatrening i Høre på måndagar. Innflyttaren Heidi Lynge Eriksen er instruktør, og så mange som 90 damer i alle aldrar har vore med.
09
desember
2011
Telemarkskøyraren Lasse Skøre (17), syklisten Mads André Haugen (23) og skiskyttaren Maren Wangensteen (20) er nominerte i Avisa Valdres si kåring av årets lokale idrettsprofil i 2011. Vinnaren blir stemt fram av lesarane.
08
desember
2011
Torstein Lerhol fekk i går kveld utdelt provet på at han er kåra til «Årets positive vangsgjelding». Utdelinga skjedde under bokkvelden på Vang Folkebibliotek.
05
desember
2011
3 timar og 13 minutt var tida det tok før 3 000 festivalpass til Vinjerock hadde skifta eigar, etter at salet starta klokka 09:00 den 1. desember. – Vi vart tekne heilt på senga, seier festivalsjef Eirik Høyme Rogn.
03
desember
2011
...vart det fredagskvelden, då me hadde julegateøfning i Føsse. Då klukka nærma seg 18:00 skjønte me at her vart det folksomt for det strøymde på med små og store! I fjor var det rundt 30 ungar, medan i år nesten todobla dette seg – og me trur at med smått og stort var me rundt 200 som denne fredagskvelden.
24
november
2011
No på laurdag blir jula opna på Filefjell, i regi av Jokerbutikken på Tyinkrysset. Alt frå hundespann til salsbodar og julebuffet står på programmet utover dagen og kvelden.
21
november
2011
Vinteren let vente på seg, men med hjelp frå snøkanonane vonar Tyin Ski å få opna anlegget laurdag 3. desember. No lovar også Yr kvit og kald hjelp frå oven i slutten av denne veka.
16
november
2011
Bratt moro på sykkel er i vinden som aldri før. No har også Vang fått si eiga freerideløype, etter iherdig innsats frå nokre eldsjeler på Tyinkrysset i sumar og haust.
15
november
2011
Fyrstkomande helg inviterer ei tjuetals handverkarar frå Vang til førjulsmarknad på Øye skule. Alt frå bakst til måleri er blant godbitane du kan kjøpe med deg heim.
09
november
2011
Det har gått knappe to månader sidan Arbeidarpartiet sitt brakval i Vang, og den 13. oktober tok Vidar Eltun plass i ordførarstolen. Kva tenkjer den ferske ordføraren i dag, og kva kan vi som bur i Vang vente oss frå kommunestyresalen i tida som kjem?
02
november
2011
Når Skiforbundets telemarkskomité skulle finne årets ildsjel hamna til slutt pila på Vang i Valdres. Der peika den beint mot Boye Skøre, som har stått på som ein helt for telemarksmiljøet i ei årrekke.
28
oktober
2011
Kvart år deler Vang kommune ut prisen «Den positive vangsgjelding», som går til ein person som det siste året har vore eit godt føredøme for alle sambygdingar. Siste frist for å nominere din favorittvangsgjelding er fyrstkomande måndag!
26
oktober
2011
I 2010 la Vinjerock att 1,1 million kroner hjå bedrifter i Vang i form av kjøpte varer og tenester. Om ein utvidar horisonten til heile Valdres er talet 2,7 millionar. Og det er før lønningar, skatt og alle ringverknader er medrekna.
21
oktober
2011
I ein sumar som har hatt unormalt mykje vêr (sjølv til Vang å vera) såg Vang Turlag dagens lys. For å gjere ei lang historie kort: Vangsgjeldingane bryr seg ikkje om vêret. Ut på tur vil dei uansett, og turlaget har fått ein pangstart.
20
oktober
2011
Innovasjon Norge sitt program, «Grønt Reiseliv», har pengar til overs - og treng gode søknadar før jul. Med andre ord: Her er det stort potensiale for å få god drahjelp for alle som driv med (eller ynskjer å drive med) bygdeturisme!
20
oktober
2011
Høresbygdingen Eivind Hålien og Berit Ildjarnstad frå Vestre Slidre har båe slege seg ned utanfor Valdres, men kjærleiken til heimstaden – og ikkje minst mattradisjonane her – har aldri falma. No lanserer dei samarbeidsprosjektet «HeiMAT - Grepa gøtt frå Valdres» for å heidre råvarene og oppskriftene frå dalføret sitt.
17
oktober
2011
Eivind Eidslott si bok, «Fjellbarna», gjekk til topps i kåringa av årets fjellbok under Fjellitteraturfestivalen på Finse i helga. Store deler av boka har Tyin og Filefjell-området som utgangspunkt.
15
oktober
2011
Om alt går etter planen er ventetida over fredag 4. november. Då planlegg Tyin Ski å opne skiheisen for sesongen 2011/2012. Den siste veka har både natursnø og kunstsnø danna grunnlaget!
06
oktober
2011
I dag er det ein månad sidan vangivaldres.no gjekk på lufta. Sidan den gong har vi registrert 15 641 sidevisningar på sida, noko som lovar godt for nettstaden si framtid!
04
oktober
2011
Eit filmteam har vore med den særs aktive vangsgjeldingen Torstein Lerhol verda rundt dei siste åra. 10. oktober har dokumentaren «Livet er herlig» urpremiere på Lillehammer kino.
22
september
2011
I samband med at Vang har fått ny ordførar er rektorjobben ved Øye skule ledig. I tillegg søkjer Vang kommune også etter assisterande styrar for barnehagane i Vang.
19
september
2011
Vangsjenta Anja Alme Gardli gjekk heilt til topps i frikøyringskonkurransen «The North Face Freeski Open Big Mountain» på New Zealand i helga.
15
september
2011
HDR-fotografering er ein eigen fototeknikk der fleire eksponeringar blir sett saman til eitt motiv for å gjengi enno fleire detaljar i biletet. Oddvin Almenning har nytta teknikken for å syne fram Vang frå si beste side. Sjå bileta her!
13
september
2011
Arbeiderpartiet går fram 26,6%, og Senterpartiet går tilbake 16,5% frå forrige kommuneval. Det er ein del av fasiten etter at stemmene frå 71% av dei stemmeberettiga i Vang var opptalde.
09
september
2011
På måndag skal vi velje kven som skal styre Vang dei komande fire åra. Vi har teke ein prat med partileiarar og listetoppar i dei fire partia som stiller til val i år, for å høyre kva dei tenkjer om blant anna auka busetjing og næringsutvikling i Vang.
09
september
2011
NRK og Kommunal Rapport har sjekka den kulturelle tilstanden i kommune-Noreg. Vang kjem ut av det med toppkarakter, og det som einaste kommune i Oppland!
08
september
2011
«Selvsikre distriktsungdommer er ikke enige med dem som mener bygdene bør legges ned» skriv Drude Beer i Nationen, og viser til Innovangsjon og engasjementet ellers i Vang.
04
september
2011
Laurdag 3. september gjekk tidenes fyrste Innovangsjonsdag av stabelen på Vang barne- og ungdomsskule.
03
september
2011
Prosjektet «Innovangsjon» vart omtala over fire sider i Nationen laurdag 3. september.

App'enes inntog

Elisabeth Øraker
16. april 2013

Hadde noen for ti år siden fortalt meg at jeg skulle oppleve å sitte i sofaen i mitt eget hjem og ha både mann og unger som satt fordypet i en eller annen app, ja da hadde jeg skratta både godt og lenge.

Les innlegget »

Påska er her!

Vidar Eltun
22. mars 2013

No er det straks klart for storinntrykk til påskefjellet, både her i Vang og elles i Fjell Noreg. Det er då på sin plass at ordføraren ynskjer alle påskegjester velkomne til fjells, samstundes som eg helsar til alle fastbuande med ynskje om ei god påske.

Les innlegget »

Alle blogger »

Det skjer:

laurdag 25.05.2013
Tur til Avdalen i Årdal
 

Tur til Avdalen i Årdal

Stad:
Tid:
Arrangør:Vang Turlag

Turen vil bli lagt til den dagen med det beste veret, 25. eller 26. mai.

Endringar i turprogrammet kan oppstå, me ber derfor om at de følger med på vangturlag.org eller facebooksida vår.

 
Bungee - trainingGymsalen på Vang barne - og ungdomsskoleKl 11:00 - ca. 12:00
 

Bungee - training

Stad:Gymsalen på Vang barne - og ungdomsskole
Tid:Kl 11:00 - ca. 12:00
Arrangør:Tyin Aktiv AS

LØRDAG 25.mai blir det arrangert Bungee-training. Stedet er gymsalen på Vang barne - og ungdomsskole og tiden er 11:00 - ca. 12:00.

Bungee-training er et nytt, enkelt og morsomt treningskonsept der hele kroppen blir utfordret! Kroppen får en komplett treningsøkt av både UTHOLDENHET, HURTIGHET og SPENST etter intervallprinsippet.
Treningen passer for gutter, jenter, damer og menn!!!

http://www.youtube.com/watch?v=vwDZJrBkXDg



Påmelding/informasjon til Marianne C. Lied 91668857 / marianne@tyinaktiv.no


Pris: 100 kr. pr. person.
Medlemmer av Treningssenteret Tyin Aktiv 20 kr. pr. person.

Aldersgrense: 12 år.

Velkommen!!!

 
Vis kalender »