Aktuelle saker
Elskar du Vang?
Skrive 12. januar 2012 av Eli Belsheim
Innovangsjon SA er eit samvirke stifta 20. april 2011 av
Vang Sparebank og Vinjerock. Samvirket har som føremål å skape
befolkingsvekst i Vang kommune gjennom fokus på trivsel,
integrering, næringsutvikling, bustadutvikling og marknadsføring av
kommunen.
For å nå målsetjingane våre treng vi to kloke og
engasjerte personar med oss på laget:
Innovangsjonsminister og Næringsutviklar
Stillingsprosent og lengde
To heiltidsengasjement (100%), førebels for perioden 01.04.2012
til og med 31.12.2013.
Arbeidssituasjon
Innovangsjonsministeren og Næringsutviklaren vil jobbe tett i lag,
og vil sjølve kunne avgjere seg i mellom kven som skal ha
hovudansvaret for dei ulike arbeidsoppgåvene. Det er gjennomført ei
kartlegging blant unge vangsgjeldingar om deira tankar kring
framtida i Vang, som er eit viktig arbeidsverktøy. Det er etablert
ressursgrupper for satsingsområda; næringsutvikling,
bustader/integrering og marknadsføring. Desse er arbeids- og
ressursgrupper for Innovangsjonsministeren og Næringsutviklaren. I
tillegg får dei to tilsette m.a. eit arbeidande styre, Vang
kommune, Vinjerock og Vang Sparebank i ryggen. Stillingane
rapporterar til styret i Innovangsjon SA ved styreleiar.
Arbeidsplassen vil vere i Vang kommune, med
kontorplass i Vang sentrum. Det må påreknast noko reising i båe
stillingane. Sjå under arbeidsoppgåver.
Personlege eigenskapar:
Du er genuint oppteken av Vang og framtida til Vang på alle
områder. Du er initiativrik, driftig, ryddig, effektiv,
inkluderande og motiverande. Du har godt nettverk og deler dette.
Du evner å jobbe både etter eigne og andres definerte mål, og
ynskjer å oppnå resultat raskt.
Kompetansekrav:
Vi søker primært etter nokon med relevant høgskuleutdanning, men
søkjarar med særleg relevant erfaring blir også vurdert. Praksis og
resultat frå liknande arbeid er ein føresetnad for søkjarar til
stillinga som Næringsutviklar. Kjennskap til Vang kommune er ein
føresetnad for søkjarar til stillinga som
Innovangsjonsminister.
Arbeidsoppgåver
Næringsutvikling:
- Serviceytande konsulentarbeid, kartlegging og oppfølging av nye
og eksisterande bedrifter
- Jobbe for fleire nyetableringar, gründerar og tiltrekke
arbeidstakarar som kan jobbe frå Vang via
heimekontor/næringshage
- Jobbe for å få etablerte bedrifter til å flytte verksemda si
til Vang
- Skaffe finansiering til vidare arbeid med næringsutvikling
- Skape møteplassar for næringslivet
Integrering:
- Bustadskartlegging
- Integrering og oppfølging av til- og attendeflyttarar
- Skape møteplassar for befolkinga
Marknadsføring:
- Drift og vedlikehald av www.vangivaldres.no
- Kontaktperson for Vangsambassadørar i t.d. studentbyane
- Synleggjering av Vang internt og utanfor kommunen gjennom media
og andre viktige fora
Skape aktivitet:
- Gje bygdas eldsjeler honnør og drahjelp
- Skaffe finansiering til prosjekt som kjem lokalsamfunnet til
gode
Dette tilbyr vi
Vi kan by på arbeidsplass i Noregs flottaste kommune, og landets
mest spennande arbeidsplassar for den som likar bygdeutvikling,
høge fjell og mykje vêr. Løn etter avtale. Tilsetting snøggast
mogleg.
Spørsmål angåande stillingane og
søknadsprosessen rettast til styreleiar Eli Belsheim: e-post: eli@vangivaldres.no, mobil
926 94 609.
Søknadsfrist: 31. januar 2011
Søknad med CV og tre forslag til korleis du vil betre framtida
til Vang sendast fortrinnsvis på e-post til eli@vangivaldres.no eller til
følgjande adresse:
Innovangsjon SA
c/o Vang Sparebank v/Eli Belsheim
2975 Vang i Valdres