Aktuelle saker
Innovangsjon på NRK
Skrive 6. januar 2012 av Eirik Høyme Rogn
I byrjinga av neste veke møter du Innovangsjon og
styreleiar Eli Belsheim på NRK Østnytt.
NRK var på vitjing i Vang
tidlegare i veka, og på det som er årets så langt mest vindfulle
dag i Vang måtte mesteparten av opptaka gjerast under tak.
Styreleiar Eli Belsheim representerte Innovangsjon i intervjuet, og
snakkar både om Innovangsjon og sine eigne erfaringar med det å
gjere vangsgjelding av seg.
Statskanalen ville blant anna vite kva som er bakgrunnen for
Innovangsjon, og kva dei to tilsette skal jobbe med når dei er på
plass. I tillegg var dei nyfikne på målsetjingane våre, som du kan
lese meir om i denne saka.
Eli melder at ho er godt nøgd med intervjuet, til trass for at
ho helst skulle ha synt fra meir av den vakre vangsnaturen i
TV-ruta.
- Det var eit sinnsjukt vêr og snøføyke, så det var ikkje mogleg
å filme ute. Men det er jo noko av det eksotiske med Vang, slår ho
fast med eit smil.
PS: Om du ikkje befinn deg innanfor NRK Hedmark & Oppland
sitt dekningsområde kan du finne saka på nett-TV i etterkant.
Hovudfoto: Oddvin Almenning.