Aktuelle saker
Påskeharen kjem til fjells
Skrive 30. mars 2012 av Redaksjonen
I påska kan det opne seg moglegheiter for dei som
manglar festivalpass til årets Vinjerock. Påskeharen har nemleg
varsla sin ankomst til fjellheimen øvst i Valdres, med sekken full
av påskeegg til dei som er klare for ta i bruk ski, truger eller
fjellsko for å bli med i jakta.
Etter at Vinjerock vart utseld på rekordtid har festivalen
alliert seg med påskeharen for å gje billettlause Vinjerockarar
moglegheita til å jakte på ein plass i sola til sommaren.
Jaktsesongen startar høgt til fjells skjærtorsdag og avsluttast i
låglandet 2. påskedag.
- Dette er rett og slett ei god, gamaldags påskeegg-jakt. Vi
krev rettnok at du må røre litt på deg, men slik eg kjenner
«Vinjerockarane» er det minste problem i verda, fortel festivalsjef
Eirik Høyme Rogn med eit smil.
Nye gøymestader kvar dag
Kvar dag blir det nye oppgåver ein kan bryne seg på, og den som
er ute etter ein plass framfor scena i Jotunheimen må rekne med
både hjernetrim og fysisk aktivitet for å finne godsakene.
- Kvelden i forvegen vil me legge ut kart,
navigasjonskoordinatar eller rebusar på Facebook-sida vår for å gje
leietrådar til kor ein kan finne egga. Dermed kan ein kan ein bruke
kvelden til å finne ut kvar haren tek turen dagen etter, seier
festivalens PR-sjef Turid Lindboe Reite.
Då arrangørane helst ser at folk ligg i sengene sine framfor å
flyge ute i fjellheimen på nattestid er det ingen egg å finne før
litt ut på dagen.
- Vinjerock handlar om å kosa seg i lag med andre fjellfantar,
så me oppmodar folk til å finne påskeharen, slå av ein prat og ha
det kjekt i lag med andre «jegarar». Eggjakta blir offisielt sett i
gong på den aktuelle staden ein stad i to-tida kvar dag, forklarar
PR-sjefen.
Oppmodinga frå Vinjerock-gjengen er klar: Fyll sekken med
sjokolade, kakao og appelsinar, ta eit ekstra blikk på
Fjellvetreglane, og kom deg ut på jakt.