Aktuelle saker
Drop-in kontor i Synshagen
Skrive 2. juli 2012 av Magne Grihamar
Vangivaldres.no blei invitert bort til Synshagen
næringspark for å høyre meir om moglegheitene for kontorplass som
fins der. Vidar Wangensteen og Egil Karlsen i Synshagen Næringspark
AS kunne fortelja at dei for tida har nokre ledige
kontorplassar.
Kontora vil være utstyrt med stol og kontorpult samt ein
dataskjerm for å kople til ein bærbar pc. Sjølvsagt er også
internett med i tilbodet, informerer Wangensteen og Karlsen om.
I Synshagen, rett utanfor Vang sentrum, er det dermed akkurat no
eit tilbod til ungdom og andre utflytta som er heime. Det er også
ein moglegheit for hyttefolk å ta kontakt med oss, legg til
Wangensteen til.
I utgangspunkt ynskjer me å leige ut for lengre perioder, men no
er det altså berre å ta kontakt med oss, så håpar vi å få til ei
løysing, avsluttar Wangensteen og Karlsen.
Ta kontakt med:
Vidar Wangensteen, tlf. 482 67 364,
vidarw@elektromontasje.as
Egil Karlsen, tlf. 911 01 928
John Myhre, tlf. 975 19 537