Vang i Valdres

 
Aktuelle saker

Tyinkrysset og Filefjellstuene ynskjer velkommen!

Skrive 5. juli 2012 av Magne Grihamar

Båe dei to kjente og kjære reiselivsverksemdene våre på Tyin-Filefjell er opne gjennom kvar dag gjennom heile sommaren. Vangivaldres.no har vore ein snøggtur innom dei no i starten av juli.

På Filefjellstuene er det Hanne Fjeld og Jolanta Akelaitiene som sit ved roret. Dei kan fortelja at dei no har sett saman ein spennande sommarmeny for svoltne magar. Restauranten blir open kvar dag gjennom heile sommaren. I tillegg til sommarmenyen kan ein kvar helg koma til pizzabord og eta så mykje ein vil, fortel Akelaitiene.

På Filefjellstuene er det også moglegheit for å få overnatting i hytter rundt hovedhuset. Filefjellstuene har i år fått oppgåva å huse musikarane som skal spela på Vinjerock, så det gler vi oss til, avsluttar Akelaitiene.

lykken_web
Anders Lykken bak resepsjonen på Tyinkrysset

På Tyinkrysset ynskjer Anders Lykken oss velkomne inn, og viser veg inn i den nye flotte kafeen. Lykken fortel at dei no har ein rikhaldig meny med innslag av lokale råvarer i fleire av rettane. Men her finns det også dei meir tradisjonelle rettane, som ein finn på veikroene rundt i landet, fortsett Lykken. Ein skal ikkje gløyme at det er dei vegfarande mellom aust og vest som er vår viktigaste kundegruppe, legg lykken til. Han nyttar anledninga til å ynskje også dei lokale til fjells for eit betre måltid. Tyinkrysset er ope for servering kvar dag, og i tillegg til overnatting på sjølve Tyinkrysset Fjellstue, kan du også ved resepsjonen her få booke overnatting på Filefjell Høgfjellseter og Nystuen Hotel.

App'enes inntog

Elisabeth Øraker
16. april 2013

Hadde noen for ti år siden fortalt meg at jeg skulle oppleve å sitte i sofaen i mitt eget hjem og ha både mann og unger som satt fordypet i en eller annen app, ja da hadde jeg skratta både godt og lenge.

Les innlegget »

Påska er her!

Vidar Eltun
22. mars 2013

No er det straks klart for storinntrykk til påskefjellet, både her i Vang og elles i Fjell Noreg. Det er då på sin plass at ordføraren ynskjer alle påskegjester velkomne til fjells, samstundes som eg helsar til alle fastbuande med ynskje om ei god påske.

Les innlegget »

Alle blogger »

Det skjer:

onsdag 22.05.2013
Onsdagskafè og gåtimeDrengestøgaKl 11.00 - 13.00
 

Onsdagskafè og gåtime

Stad:Drengestøga
Tid:Kl 11.00 - 13.00
Arrangør:Frivillige i bygda

Kafeen er open for ein kaffekopp, nysteikte vaflar og ein god prat.

Gåtimen startar frå same stad.

 
NorsktimeVang folkebibliotekKl 12:00
 

Norsktime

Stad:Vang folkebibliotek
Tid:Kl 12:00
Arrangør:Vang folkebibliotek

Norsktime_bilde

 
KorpsøvingÅsvang skuleKl 19.00 - 21.30
 

Korpsøving

Stad:Åsvang skule
Tid:Kl 19.00 - 21.30
Arrangør:Fjellblom Musikklag

Korpsøving med Fjellblom Musikklag på Åsvang skule. Kvar onsdag frå 19.00-21.30, utanom skuleferiane.

Alle korpsmusikantar er velkomne!

 
Gågruppe i HøreHøre- RyfossKl 1900
 

Gågruppe i Høre

Stad:Høre- Ryfoss
Tid:Kl 1900
Arrangør:Høre / Ryfoss il

Gågruppa i Høre er i gang att. Me møtast ved gangvegen i Høre kvar onsdag kl 1900.

Tempo for alle !

Velkommen til alle:)

 
BallspelHøre SamfunnshusKl 1930 - 2130
 

Ballspel

Stad:Høre Samfunnshus
Tid:Kl 1930 - 2130
Arrangør:Høre / Ryfoss il

Ballspel for 8. klasse og oppover.

Kvar onsdag frå kl 1930 - 2130

 

Ansvarlig Jorun Elise Veflen og Odd Helge Rudi

 

Velkommen !!

 
Vis kalender »