Den gong då
Tidsbilde frå Bøaflato
Skrive 20. september 2011 av Nils Rogn
I denne «Den gong då»-spalta er det meininga å sjå litt
tilbake på smått og stort som har skjedd i Vang opp gjennom tida -
og då helst med ein egna illustrasjon attåt. Her er det sikkert
høve for fleire til å ta tastaturet fatt, men inntil vidare skal eg
prøve å fylle denne spalta.
Min innfallsvinkel vil vera prega av utval frå ei stor samling
gamle postkort og foto, som eg knyter nokre kommentarar til. For
kjøparar av den årlege Vangskalenderen vil noko av stoffet vera
attkjenneleg, i alle fall er det slik med dagens tekst som er henta
frå septemberbildet i 2006. Einar Reidar Bøe har vore god kjelde
for opplysningane.

Bøaflatadn like etter krigen
I førtiåra var det oversiktleg på Bøaflato. Det var ikkje mange
husa å halde greie på og lite attgroing. Dette postkortet som
truleg er frå like etter krigen, viser frå venstre huset til Birger
Bøe. Vidare ser me også ei lita støge på utsida av vegen som står
den dag i dag. Her budde skomakar Helge Flaten. Hitafor det, ser me
bustaden som ordførar og lensmann Ivar A. Opdal bygde seg. Halvbror
hans, Ole A. Opdal, budde her frå 1950. Huset til høgre vart kalla
«Hønehuset» då det var brukt til den slags fe - i båe etasjane! Så
har me Fjelltun med Flaten rett over taket. I det neste huset heldt
Johan Kvam til. I skogen like ved Bergsån ser me taket på eit hus
der Erik Bøe (Rødningen) budde. I huset heilt til høgre heldt Lars
Flaten til, seinare også broren Helge. I bildekanten kan me også så
vidt skimte Træet, ein tidlegare husmannsplass.
Bildet er nok take på haustparten for kornåkeren til Nils Grøv har
hatt besøk av sjølvbindaren til Ove Bøe. Han var visstnok den
fyrste i Vang som hadde slik reiskap. Når han spente tre hestar
framom gjekk skurn raskt unna.