Turforslag
Påsketur i eigen Jotunheim
Skrive 11. april 2012 av Hallgrim Rogn
Kva gjer vangsgjeldingen når det ikkje er att snø på
stølen til påske? Vel, han tek i alle fall ikkje turen utanfor
kommunegrensa.
«Folk har fri i starten av veka. Det fins ikkje snø på stølane.
Forholda i høgfjellet er perfekte. Vi stikk på tur frå
måndag-onsdag!»
Med utgangspunkt i denne enkle logikken og ei «hending» på
fjesboka dukka eit titals lokale heltar opp ved Tyinkrysset måndag
morgon 10.00. Klare for tur i «Den finaste delen av Jotunheimen».
Altså den i Vang, om nokon lurte på kor den er.
Intersport - Joker
På Intersport vart kartet sett over, attglømt utstyr kjøpt inn
og skismurning diskutert. Jokeren på si side forsynte oss med fersk
rømme, frosen laks og dugelege mengder godteri. Faktisk såpass
mykje snop at korkje sterk vind eller dårleg grunntrening kunne
stogge oss. Tur skulle det bli!
I ekte optimistisk ånd kom vi fram til at det eigentleg berre
var ein oppoverbakke ein bortoverbakke og ein nedoverbakke frå Tyin
til Yksendalsbu. Lett.

Den fyrste oppoverbakken...
Tyin - Yksendalsbu
Etter at oppoverbakken (frå Tyin til Øyangen) var unnagjort vart
det brått vindstille. Himmelen var allereie blå og føret blå
ekstra. Vi var mildt sagt godt nøgde med situasjonen der vi staka
oss over vatnet (bortoverbakken).
Noko mindre nøgde var vi etter eit litt vel optimistisk val av
solgrop for matpausa. Vinden var nemleg tilbake med god kraft og
sidan vi hadde sett oss til i ei fonn, fonna vi rett og slett
omtrent bort der vi sat. Altså sat vi ikkje særleg lenge.

Kristian og Eli Anne utanfor Yksendalsbu
Etter bortoverbakken kom nedoverbakken og med vinden i ryggen
hadde vi snart blåst heile vegen fram til Yksendalsbu.
Stor var lukka då vi oppdaga at eit fylgje på 13 stk frå DNT
Oslo hadde valt seg same mål for dagen som oss. Altså Yksendalsbu.
Enda større var lukka når det kort tid seinare ramla inn fire til
som kom frå Tomashelleren. Altså var vi 27 stk som skulle overnatte
på hytta som har 18 sengeplasser i hovudhytte og anneks til
saman.
Store mengder elgkjøt, nokre klunkar frå lommelerka og ein aldri
så liten quiz seinare, var klokka brått ti på kvelden. Og klokka ti
skal sjølvsagt folk på ekte fellestur leggja seg til å sova. Så
også vi. (Då me ti delte annekset med fem frå den ekte
fellesturen).

Kveldskos på Yksendalsbu
Det vart med andre ord eit par timar med stirring i taket før
nokre begynte å sovne. Då byrja sjølvsagt andre å snorke, og dei
siste fekk dermed ikkje sove. Det hjalp ikkje særleg mykje at vi
fyra opp til badstuetemperatur rett før sengetid for så å begå
dødssynda å setja opp to glas (gjennomtrekk) for å få ned
temperaturen. (For ja, det var sjølvsagt ingen som orka å stå opp å
late att eit av glasa når temperaturen hadde gått noko ned).
Teen til det engelske paret i underkøya hadde tæla
på kjøkkenbenken i løpet av morgonen
Resultatet vart ei natt med få timar søvn på dei aller fleste.
Og at teen til det engelske paret i underkøya hadde tæla på
kjøkkenbenken i løpet av morgonen. Gjennomtrekk veit du.
Yksendalsbu - Tomashelleren
Før tolv skulle vi vera i veg. Og trur du ikkje vi klarte å vera
av garde allereie 10.55. Det kan hengje noko saman med at
fellesturen vi delte annekset med hadde stått opp klokka sju. Men
same kva ein stor prestasjon av oss - vi var ein heil time før
skjema.
Kuldeperioda dei siste dagane gjorde at vi trossa all sunn
fornuft og gjekk over isen på Yksnin. Det resulterte i eit halvvegs
bad for ein noko ivrig fotograf som skulle forevige at Kristian
fylte opp vassflaska si ved ein bekk. For eit slikt motiv er det
verdt å risikere livet.
I overgangen mellom Yksnin og Skjetnin (For den som er kjend i
området) vart det full stopp for å få på fellane, då vi skulle i
gang med nesten fem hundre høgdemeter opp til Tomashelleren.

Storslagent panoramautsyn på turen
Klart vi måtte ha solgrop og matpause denne dagen og. Det
viktigaste med å være på tur er som alle veit å «kosa seg». Med
Torfinnstindane ruvande i bakgrunnen og sola steikande i andletet
var alle greitt einige om at vi hadde valt ein utruleg mykje betre
lokasjon for matpausa enn dagen før. Og vi vart sitjande rett så
lenge.
Heldigvis er ikkje turen til Tomashelleren særleg lang, så det
var ikkje veldig langt på dag før vi var framme.
Tomashelleren - Tomashelleren
Kva? Dette var då ein rar overskrift. Vart det fest på
Tomashelleren? Eller vart leika vi boksen går rundt hytta resten av
dagen?
Nei, saka er enkel. DNT-hytta Tomashelleren er oppkalla etter
fjellet med same namn. Altså Tomashelleren (1626 moh.). Hit måtte
vi sjølvsagt. Eller, dei som ikkje var for «slitne», eller «kalde»,
eller hadde «noko anna» å finne på, måtte i alle fall opp her.

På toppen av fjellet Tomashelleren
Etter ein kort topptur venta det oss stor utsikt. Vi såg ut av
kommunegrensa i fleire himmelretningar. Og det var faktisk fint.
Men aller finast, sjølvsagt, var utsynet over Vang.
Torfinnstindane, Skutshorn, Slettmarkspiggen og Herredalen. Pluss
ein heil bråte anna vi ikkje kunne namnet på. 360 graders
panoramautsikt ville det stått i ei reklame om Tomashelleren.
Den kvelden gjorde vi vårt aller beste for å tømme alle sekker
for mat og alkohol. Og sjølv om vi hadde med oss kjende storetarar
og om mogleg endå meir kjende stordrikkarar vart det att både vått
og tørt som vi fekk bera med oss ut att til Tyin neste dag.
Tomashelleren - Tyin
Sjølvaste sjarmøretappa. Med utsikt rett inn i Jotunheimen og
Hurrungane. Og om mogleg ENDÅ betre solgrop enn dagen før.
Vi gav frå oss nokre hundre høgdemeter på turen og. Altså ei
rett så komfortabel avslutning for ein gjeng som byrja å merke
«kjøret». (Vi kom oss for eksempel ikkje av garde før nesten tolv
denne dagen)

Sjarmøretappe med Falketind ruvande i
bakgrunn
Vi byrja så smått å konkludere mot slutten av dagen. Ord som
«digg», «herleg», og «suksess» dukka opp. Det same gjorde ord som
«sliten», «tørst», og «nå skal det bli jæveli godt med en
dusj».
Summen av alt dette kan ikkje tolkast anna enn att det var heilt
greitt å stikke til «høgfjellet» i Vang nokre dagar for å sikre at
det vart moglegheit for ski, solgrop, yatzi og vedfyring også denne
påska.
Bildegalleri