Vangsgjeldingar

Lokka av store fjell

Skrive 20. desember 2011 av Eirik Høyme Rogn

Store fjell og spanande oppgåver i den kommunale ingeniørjobben lokka vestfoldingen Halvor Eggen Pettersen (25) til Vang. Korleis er eigentleg inntrykket av kommunen etter dei fyrste månadane som vangsgjelding?

Halvor er fødd og oppvaksen i landlege omgjevnader ved Sande i Vestfold. Naturen og friluftslivet har alltid stått sentralt. Etter nokre år med studering av vatn og miljøteknikk ved UMB i Ås hamna han i haust på teknisk etat i Vang kommune, tilsett som avdelingsingeniør.

- Det heile er eigentleg ein del av eit «Noreg på langs»-prosjekt, som starta på Lindesnes. No er eg altså komen til Vang, ler Halvor.

Fleire arbeidsplassar

Det var naturen og arbeidsgjevaren som lokka Vestfold-guten til Vang.

- Eg kjende få og visste lite, men høge fjell og varierte arbeidsoppgåver virka så forlokkande at eg tok sjansen, fortel Halvor.

Ingeniøren har stor tru på ei framtid i Vang, men er ikkje i tvil om at det må jobbast beinhardt med to ting framover: Positiv omtale og arbeidsplassar.

- Eg var heldig som fann meg ein jobb i dette natureldoradoet, og det er ikkje tvil om at Vang treng fleire spanande arbeidsplassar for å framstå meir attraktivt for unge og andre tilflyttarar.

Og nettopp naturen i Vang meiner Halvor at byr på mange moglegheiter, som vi må bygge vidare på.

- Naturen er med på å definere Vang, og gjev bygda ein identitet som ikkje vil forsvinne. Eg vonar kommunen er villige til å føre ein politikk som nyttar gevinsten av utbygging på å skape fleire langsiktige arbeidsplassar, og støtte oppunder nye engasjement, seier Halvor, og dreg fram Vinjerock som eit godt døme.

- Den festivalen synes eg er eit perfekt eksempel på nytenking som tek utgangspunkt i det lokale moglegheitene som finst, krydra med ungdommeleg pågangsmot.

Levande leksikon

Etter nokre månader melder Halvor om at han trivst godt i Vang, sjølv om det tok litt tid å koma seg inn i «kretsen».

- Men Innovangsjonsdagen og det kommunale julebordet har auka antalet i kontaktlista mi. Også må eg få nevne Intersport på Tyinkrysset som eit framifrå samlingspunkt for å prate om interesser og skape kontakt. Dei skal ha stor skryt for herleg innsats om det er noko ein lurer på. Kantina på kommunehuset er også eit levande leksikon om det er noko ein treng å veta om Vang, fortel han med eit smil.

Men Halvor saknar eit kveldsope samlingspunkt i kommunen.

- Eg finn mykje av opplevingane eg leitar etter i naturen, men det hadde vore kjekt med ein stad kor ein kunne ha kome meir i kontakt med lokalbefolkinga.

App'enes inntog

Elisabeth Øraker
16. april 2013

Hadde noen for ti år siden fortalt meg at jeg skulle oppleve å sitte i sofaen i mitt eget hjem og ha både mann og unger som satt fordypet i en eller annen app, ja da hadde jeg skratta både godt og lenge.

Les innlegget »

Påska er her!

Vidar Eltun
22. mars 2013

No er det straks klart for storinntrykk til påskefjellet, både her i Vang og elles i Fjell Noreg. Det er då på sin plass at ordføraren ynskjer alle påskegjester velkomne til fjells, samstundes som eg helsar til alle fastbuande med ynskje om ei god påske.

Les innlegget »

Alle blogger »

Det skjer:

tysdag 21.05.2013
StrikkekafeHaukåsenKl 12.00
 

Strikkekafe

Stad:Haukåsen
Tid:Kl 12.00
Arrangør:Vang husflidslag

Ta med handarbeid du driv med, og la deg inspirere av andre over ein kaffekopp, nysteikte lappar og ein hyggeleg prat.

 
AllidrettVBUKl 17.30 - 19.30
 

Allidrett

Stad:VBU
Tid:Kl 17.30 - 19.30
Arrangør:Vang IL

Allidrett på VBU i regi av Vang IL.

5-6 år: Kl 17.30-18.30
7-9 år: Kl 18.30-19.30

 
SeniordansVBUKl 19.30 - 22.00
 

Seniordans

Stad:VBU
Tid:Kl 19.30 - 22.00
Arrangør:Vang seniordans

Vang seniordans startar opp att no i januar og ynskjer nye og «gamle» seniordansarar velkomne<3!

Vi har trening kvar tysdag på Vang barne- og ungdomsskule kl. 19.30- 22.00.

Første gong er 8. januar. Siste i vår vert 11. juni.

 
Vis kalender »