Skrive av Hallgrim Børhus Rogn - 05. november 2015
Ved utgangen av dette halvåret skulle vi vore godt nede på 1540- talet om trenden hadde halde fram frå 2011 og fram til no.

Etter nokre månader som Innovangsjonsminister var det topp stemning å arbeide med fyrste halvårsrapporten. Målt på folketal er det  ingen tvil om at kommunen har satsa rikitg, og at alle som har arbeida før meg i Innovangsjon har lagt ned solid innsats. Vang er ikkje lenger ei kommune folk flyttar frå! 

Her er eit utdrag frå delen om vangsgjeldingar i «Halvårsrapport Innovangsjon 1, 2015».

Folketal

1724 innan år 2020 er målet. Altså det aller viktigaste suksesskriteriet på det arbeidet Innovangsjon legg ned. Ved opp-starten til Innovangsjon i 2011 var det 1591 innbyggarar i kommunen ved inngangen til året. Ved inngangen til 2015 var det 1619 og ved utgangen av halvåret vi no rapporterer på var det 1650. Dette talet vil nok gå noko ned att i all den tid det no er mange med godkjent opphald i Noreg som er i Vang medan dei venter på bustadkommune. Men som tidlegare styreleiar Torstein Lerhol understreka i vår:

«For ei tid er dei vangsgjeldingar. Dei handlar på butikken, nyttar biblioteket og er eit positivt innslag i lokalsamfunnet».

Kvar hadde så folketalet i Vang vore utan Innovangsjon? Det vert sjølvsagt vrient å gje nokon fasit her. Men vi kan prøve å setje det som skjer i Vang i perspektiv. Frå 1990 (1817 innbyggarar) til 2011 (1591 innbyggarar) mista vi i snitt over ti vangsgjeldingar kvart år. Ved utgangen av dette halvåret skulle vi vore godt nede på 1540- talet om trenden hadde halde fram frå 2011 og fram til no. Vi har over 100 fleir enn dette i kommunen pr. dags dato. Om vi ser på kommunen som ligg rundt oss i folketal no, (dei to over og dei to under oss på lista) ser tala ut som dette.

                           2010    2011    2012   2013    2014    2015 
0436 Tolga           1671    1684    1681    1681     1658   1656
0439 Folldal        1669     1660    1641   1654   1631    1597
0545 Vang           1590    1591    1617     1597    1602    1619
1524 Norddal        1801     1761   1738     1739   1685    1676
1725 Namdalseid  1697      1707   1694    1699   1676   1644

Etter dette har talet i Vang altså auka med 31 til. Så sjølv om talet for kommunen kjem til å variere dei neste åra, kan vi slå fast at flukten frå Vang er stoppa. Pila peiker rett veg, og målet om 1724 innbyggarar innan år 2020 er fult mogleg å nå. Vi kan også sjå kvar vi vil i bygde–Noreg og vera stolte av det Vang har fått til dei siste åra.

 

Om Hallgrim Børhus Rogn

Hallgrim Børhus Rogn
Med eit stort hjarte for Vang, Valdres og Bygde-Noreg jobbar Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 412 22 769

Bildegalleri

Flere bloggposter fra Hallgrim Børhus Rogn