Vang i Valdres

 
24. april 2012
Båssetting - kva med frigjering?

På fest på Beitostølen i vinter møtte eg ein del av unge vangsgjeldingar eg har møtt på jobb, altså i banken. Eit par av dei utbraut med stor undring: Hæ? Du? Her?

Eg måtte jo berre bekrefte at, ja, eg der. Men jobbar ikkje du i banken då?? Jo, ikkje godt å nekte for det heller, så eg svara berre Ja, og…? Nei, då kom det ikkje noko meir. Men eg skjønte jo greia. Eg var sett i bås. Eg som jobbar i bank, befinn meg altså ikkje ute på livet på Beitostølen. Dette er jo ei type båssetting eg gjerne kan le av og finne ganske så underhaldande.

I Vang, som i dei fleste andre byder, har vi tilfeller av atskilleg meir negativ båssetting. Vi trur at vi veit noko om nokon, vi høyrer ein halv setning og trekker konklusjonar. Vi bestemmer oss for at andre heilt sikkert er på ein bestemt måte, og vips, vedkommande er sett i bås. Og der blir han også, lenge. Kanskje for alltid. I beste fall berre til vi får stifta nærare kjennskap til vedkommande, og får korrigert vår eiga oppfatning - og slepp vedkommande ut av båsen.

Det er nok av eksempel på dei gongene båssetting faktisk hindrar oss i å sjå kvalitetane andre har, kunnskapen vedkommande sit med og arbeidsinnsatsen som kjem fleire til gode. Ein ting er når båssetting av andre ikkje går utover anna enn eins eige trongsyn, men når det også går utover den båssette, ja då tykkjer eg det er ille. Det er ein gong slik at folk som er engasjert, stikk seg litt fram og har klare meiningar, blir veldig synlege på bygda. For nokon er dette tydelegvis svært vanskeleg å akseptere.

Kvifor ikkje halde opp med å sette andre i bås? Og heller velje vegen via konstruktiv kritikk og deretter fokus på det som er positivt? Alt er ikkje alltid tipp topp, men båssetting fører ikkje noko godt med seg. Konstruktive innspel gjer at ein kan utvikle seg og kome seg vidare. Det gjeld einskildpersonar, det gjeld lag, foreiningar og bedrifter. Vi kan spele kvarandre gode på mange plan i løpet av ein dag, både i eigen heim, i skulen, på arbeidsplassen og ikkje minst i samtaler med andre. Med å ha fokus på det som er positivt og det ein kan gjere noko med, kan ein også skape resultat for framtida. Og så får ein det mykje trivelegare sjølv også! :-)

Kommentarar

Eli Belsheim (31)

Bankdame & innflyttar

Eli er opphaveleg frå Vestre Slidre, men tok til vetet og gjorde vangsgjelding av seg. Har sitt daglege virke i Vang Sparebank, og er styreleiar i Innovangsjon.

Alle bloggar »

Det skjer:

torsdag 23.05.2013
Sykkel 45 + styrkeTreningssenteret Tyin AktivKl 19:00
 

Sykkel 45 + styrke

Stad:Treningssenteret Tyin Aktiv
Tid:Kl 19:00
Arrangør:Tyin Aktiv AS

Sykkel- og styrketime hos Treningssenteret Tyin Aktiv i HT Ellingbø-bygget i Vang sentrum. Påmelding på liste inne i Treningssenterets lokaler eller telefon til Marianne, tlf. 91668857

Sykkeltimen passer for alle over 16 år. Du bestemmer selv hvor mye du vil ta i ved hjelp av belastningsskruen på sykkelen.

Drop - inn kr 100;- / inkludert i medlemskapet for medlemmer.

Velkommen!

Instruktør: Marianne C. Lied

 
Jovial innebandyVBUKl 20:00 - 22:00
 

Jovial innebandy

Stad:VBU
Tid:Kl 20:00 - 22:00
Arrangør:Eldsjellauget

Bli med på innebandy! Kvar torsdag klokka 20 samlast ein gjeng i gymsalen på VBU og speler bandy eit par timar. Opplegget er prega av særs varierande talent, men mykje vilje og aller mest moro. Det er berre å møte opp og bli med - heilt gratis!

 
Zumba i ØyeGymsalen på Øye skuleKl 20:00 - 21:00
 

Zumba i Øye

Stad:Gymsalen på Øye skule
Tid:Kl 20:00 - 21:00
Arrangør:Monica Søndrol, sertifisert zumbainstruktør
Zumba er ei treningsform som er basert på trinn frå dans og aerobic, og i Øye vert det teke utgangspunkt i dansestilar som merengue, salsa, cumbia og reggaeton.

Monica lovar ein time med båe moro og høg puls, og treninga er ope for alle!

50,- kroner per gong.



 
Vis kalender »