15. mai 2012
Vi er ein nasjon av fjellfolk, likevel er norske
debattar i altfor liten grad over tregrensa. Eg saknar fjella. Det
fyrste melisdrysset på toppane hausten, spenninga om snøen ville
forsvinne heilt om sumaren. Støl, lyng og vind i
håret.
Fjella har vore viktige element i norsk nasjonalbygging og for
norsk identitet - dei seier noko om kven vi er som land og folk.
Kanskje fiska du i fjellvatn, fekk gnagsår på hælen og lærte deg å
elske den friske lufta, som barn? Kanskje går du milevis på ski
over viddene eller har som mål å klive alle 2000-meters toppane i
landet? Eller kanskje likar du deg aller best på hytta, med peis og
torv på taket.
Frå Aasmund Olavsson Vinjes No ser eg atter slike fjell og dalar
til Big Bangs Welcome to the Mountains. Fjell er evig motiv i
målarkunsten og tema i mange bøker kvart år. TV-program som 71°
nord og Fjellfolk vert sjåarsuksessar. Vi elskar det primitive,
dramatiske og ekte ved fjellivet. Vi er ein nasjon av
fjellfolk.
Fjella i det offentlege rommet
Men kor er fjella i det offentlege rommet? Når las du sist ein
forskingsrapport om fjell eller møtte debatt som handla om
fjell?
Eksisterar ikkje debatten fordi få av oss bur over tregrensa? Er
det fordi fjella, for langt dei fleste av oss, utelukkande er
rekreasjon? Når fjella er i media, handlar det om opplevingar og
fritid - ikkje om livsgrunnlag og naturressursar. Sykling, topptur
og nye ryggsekkar, er i seg sjølv vel og bra, men eg trur viktige
aspekt manglar.
Kanskje er vi ikkje eit fjellfolk likevel, når alt kjem til alt?
Heimkommunen min, Vang i Valdres, er eit klassisk døme i så måte.
88 prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Under
1 prosent er dyrka mark. Likevel held kommunen fast på å vera
ein landbrukskommune.
Høgtliggande identitetskrise
Fjellregionsamarbeidet skal jobbe for auka folketal og
næringsutvikling i fjellområda i Sør-Noreg. Nettverket av kommune,
regionar og fylkeskommune, vil mellom anna "skape ei forståing av
kor viktige fjellområde er for samfunnet, og dei spesielle
utfordringane i områda". Men dei er lite synlege utover korridorane
åt medlemskommunane. Kanskje er høgtliggande kommune i
identitetskrise?
Om fjelldebattane finst, er dei smale og lokale. Ja eller nei
til utbygging, hyttefelt, vern og vegtrasear. Det er kranglar og
diskusjon, på nærbutikkar og i lokalaviser - langt vekk frå
debattprogram og rikspresse.
Lokal sjølråderett
«Vern oss mot vernarane» var omkvedet, ved ei
nasjonalparkutviding i mine heimtrakter - eit typisk døme, på lokal
motstand mot vern av fjellområde. Folk ser på vern som eit statleg
overtramp og manglande høve til å utnytte fjellressursane slik dei
alltid har gjort. Nasjonalparkane er sjølvsagte som arv for
framtidige generasjonar og nasjonale storleikar. Men vern bør ikkje
vera som tvangstrøye for lokale aktørar.
Motorferdsel i utmark, er ei anna konflikt som går at. Pr. i dag
får ikkje dei fleste av kommunane bestemme om dei skal ha
snøscooterløype eller ikkje. Utbygging av fornybar energi,
hyttefelt og bygging i stølsområde, kan skape liknande konfliktar.
Fellesnemnar er den lokale sjølvråderetten.
Fjell skal vera fjell
Fjella kan sjå annleis ut frå Vinderen enn frå Vang. Men dei
fleste vil jo at fjella skal vera fjell, og ynskjer ikkje
øydeleggande utbygging eller scooterspor på alle toppar. Nasjonalt
regelverk og retningslinje er viktig, og det er mange kryssande
omsyn. Likevel er det avgjerande at mange av avvegingane faktisk
vert gjort oppunder fjella.
Ressursane i fjella har vore og er viktige for menneska i
fjellbygdene. Sjølv om dei kan vera løynde og vanskelege å utnytte.
Jakt og fiske har ein drive med i uminnelege tider. I dag som
rekreasjon meir enn som matauk. Stølsdrifta som har vore gjennom
enorme forandringar, frå 44.000 stølar i drift i 1907 til 1300 i
dag. Reindrifta utnyttar og beiteressursane i høgfjellet på ein
unik måte.
Fjellturismen
Ein suksesshistorie er fjellturismen. Frå interessa byrja
blomstre på midten av 1800-talet, via bygginga av fjellhotell rundt
førre århundreskifte, til dagens utstrekte hyttebygging. I dag er
det om lag 400 000 fritidsbustader i Noreg. Svært mange av desse
ligg på fjellet, med Oppland og Buskerud som landets største
hyttefylke. I fjellturismen står og DNT i ei særstilling, med 240
000 medlemmer og nesten 500 hytter over heile landet. I ein
sjeldan, nyleg forskingsrapport frå Østlandsforsking, kom det fram
at DNT-hyttene årleg bidreg til 32 millionar i lokal verdiskaping,
berre på Sør- og Sørvestlandet.
Men det er meir potensiale til fjells. Målet er ikkje at alle
skal leva som fjellfolka på NRK. Det er avgrensa kor mange som kan
leve av tinderangling, vera reinsgjetarar eller drive turisthytte.
Men målet må vera at fleire knyter fjellstøvlane, ser utsikten frå
toppane og kanskje busett seg oppunder fjella.
Tenkje fjell
Vi må lyfte augo og gje fjella større plass i
distriktsutviklinga. Høgtliggande kommune må erkjenne kva dei
faktisk er og verte flinkare til å tenkje fjell i alt dei gjer. Det
kan vera mange potensielle innbyggjarar, som lengtar etter fjella.
Ein må og sjå på hyttefolket som faktiske deltidsinnbyggjarar: Ta
dei med i prosessane og gje dei påverknad. Nytte kompetansen dei
sit på, gje dei høve til å jobbe frå deltidskommunen og få dei til
å føle seg som litt hallingar eller valdrisar.
Eit område det har vorte tenkt nytt i fjellet, er på
kulturfeltet. Folkemusikkfestivalen Haukeliseterfestivalen i Vinje,
Fjellitteraturfestivalen på Finse, Vinjerock på Eidsbugarden og
Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim i Jotunheimen, er berre nokre
døme på festivalar som har vorte etablert over tregrensa det siste
tiåret.
Spa, sau og skiheis - eg har ikkje alle løysingane. Men
potensialet finst. Fjellet er ein fantastisk og viktig arena, og
det er rom for å tenkje mange nye fjelltankar. Nye hytter, gnagsår
og TV-seriar. Spørsmålet for framtida er korleis vi skal leve endå
betre av og med fjella. Då lyt dei kome meir i fokus og
fjelldebatten lyt gjerast breiare. Folk som bur på, ved eller
oppunder fjella må tenkje endå meir fjell. Resten av fjellfolket må
la dei få gjera det.
Teksten var fyrst publisert i Aftenposten 13. mai.