Skrive av Hallgrim Børhus Rogn - 26. januar 2017
Kjærleiken til snø betyr at kvart einaste snøfall er som ein liten fest.

Eg ser på meg sjølv som ein kar som er over snittet glad i snø. Det kriblar fyrste dagen Vangsfjella har snø på toppane, og den morgonen heile bygda er dekt, då er det som å vera liten gut og vakne på julaftan.

Snø gjev meining til fem–seks månader med minusgrader. Men i år vart mine varme kjensler for snø glatt forbigått av ei jente på fjorten månader. Ho såg snøen også i fjor, men då beit ho seg ikkje særleg merke i han. Då vi i november gjekk frå tindrande og turr haust til kald og krittkvit vinter på eit lite knips, var det difor med ei viss spenning vi opna døra til det kvite.

Litt skeptisk var ho, det skal seiast. Men etter om lag fire sekund var skepsisen borte. Ho tok sats og vassa ut i tjuefem centimeter laussnø. Den skulle smakast på, stupast ned i, kastast opp i lufta og herjast med. Snart var ho også introdusert for kombinasjonen snø og fart via ein snowracer. Kjærleiksforholdet var komplett.

No, etter at snøen er her, stabbar så vesla ut i gangen etter frukost, snublar gjerne i teppet og krabbar seg bort til inngangsdøra der ho byrjar ei intens hamring. Samstundes fortel babling og blikk at det berre er ein ting som gjeld akkurat no: ein tur ut i snøen. Ho har skjønt det. Sånn var det ikkje utan snø utanfor døra. Snø er heile meininga med minusgradene.

Kjærleiken til snø betyr at kvart einaste snøfall er som ein liten fest. Samstundes betyr det at Vang har noko å by på kvar einaste vinter resten av livet. Det byrjar med akebakken utanfor hytte eller hus, går via barnebakken på Tyin-Filefjell og endar opp i Jotunheimen.

Bakkane. Tindane. Viddene. Løypene. Lang vinter. Alt som trengst for å gjera kjærleiken til snø livslang, er på plass i Vang.

Om Hallgrim Børhus Rogn

Hallgrim Børhus Rogn
Med eit stort hjarte for Vang, Valdres og Bygde-Noreg jobbar Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 412 22 769

Flere bloggposter fra Hallgrim Børhus Rogn