Skrive av Ida Østvold - 28. november 2014
Me treng kreative bønder! Me treng dei som finn gode og framtidsretta måtar å drive småskala landbruk på.

Sidan dette er fyrste blogginnlegget mitt, kjem det nokre korte ufullstendige setninger om meg: Ida Østvold frå rette sida av Mjøsa, nemlig Hedmark. Møtte Sigmund Sørum på Sogn jord- og hagebruksskule (SJH) i Aurland. Har dreve gardsdrift i lag med han på Sørre Leine i Vang sidan mai 2012.

Over snittet interessert i gamle storferaser og har tretten av desse i fjøset. Trur på småskala landbruk og ein større grad av sjølvforsyning, båe lokalt og globalt. Har starta Skutshødn DA, som driv med produksjon av gardsmat, spesielt stølsost. Me har ein draum om å leva av gardsbruket båe to. Det gjer me ikkje i dag, men har det som eit mål for framtida. 

Eg er så glad i kyr

Som gardbrukarar er me i ein situasjon der jobb og hobby går over i kvarandre, derfor er det lett og seie at me «jobbar heile tida», ikkje fordi me må men fordi me synes det er kjekt! Dessutan kjem inntektene og trivselen kun frå vår eigeninnsats. Det er opp til oss kor triveleg me vil ha det på jobb og kor mykje me vil tene. Eg meiner desse to heng i hop, inntening og trivsel. Eg har nemlig opplevd at ein produksjon, t.d. mjølkeproduksjon, er veldig triveleg opp til ein viss storleik. Det er kanskje betre økonomi i å ha mange dyr, når ein fyrst har dei, men det å ha mange dyr, spesielt mjølkekyr gjer at me må kutte ned på mange trivselsfaktorar me har i fjøsen.

Ein viktig trivselsfaktor hjå oss er det at me slepp ut dyra i ein luftegard utanfor fjøsen om vintaren. Det tek tid og me må vera heime medan dei er ute, i tilfelle dei skulle finne på noko. Eg veit at det sikkert vil ta halve dagen min, likevel valte eg å sleppe ut krøtera i nysnøen i dag for deretter å stå og sjå på desse galne dyra framføre «Svanesjøen», eller var det «Slaget på Stiklestad»…? Gira var dei i alle fall -og, som det står i regelverket, fekk dei «utføre sin naturlege adferd» til det fulle! Klarar ikkje å rive meg laus frå synet. Eg har sett det mange gongar og kjem til å sjå det mange gongar. Går ikkje lei. Dei brøler (eller kva skal ein kalle det? Dei seier i alle fall alt anna enn ”mø”), prustar, stangar og spinner rundt. Så flotte dyr me har! Så glade dei er for å komme ut! Eg føler meg privilegert. Kanskje mest fordi dette gir meg ei enorm lukkekjensle som er verdt mykje meir enn fritid og pengar. Eg lurar på om bønder med vanleg NRF-kyr tenkjer det same?

Eg elskar det! Eg er så glad i kyr. Kor kjem det ifrå? Har eg alltid vore slik? Nei, eg har ikkje det, sjølv om eg har alltid vore fast bestemt på at eg ville bu på gard. Krøtera gjorde ikkje inntrykk på meg før eg møtte mi fyrste Dølaku som sekstenåring i min fyrste sommarjobb på Godlisetra i Gudbrandsdalen. Då vart eg ikkje berre kufrelst, men bestemte meg for at det var bonde eg måtte bli. Etter utallige år som aktivist i Natur og ungdom og med eit inspirasjonsår på økolandbruksline på Fosen folkehøgskule var ikkje valet av utdanning og yrke og livsveg vanskeleg: Agronom.

Frå SJH til Vang

…Og jammen går det ikkje an å utdanne seg til ØKOLOGISK agronom her i landet! Fantastisk. Eg reiste til Sogn Jord– og Hagebrukskule (SJH) i Aurland og hadde to flotte år. Når eg var ferdig kunne eg ikkje vente med å komme i gong med eiga gardsdrift. Det at eg traff ein kjekk Vangsgjelding i Aurland som ville ta meg med heim til Vang kor det attpåtil låg ein eventyrgard og venta på meg, gjorde vegen lett å gå. Det er ikkje mange som får satt kunnskapane rett ut i praksis slik som me fekk! Evig tusen takk til Liv og Nils Leine, som lot, og let oss fortsatt få prøve og feile på garden sin.

Som mange poengterer, ikkje berre med økologisk landbruk, men med bondeyrket generelt er at det er «ikkje eit yrke, men ein livsstil». Attende til det eg prata om i starten så gjer me jo dette fordi at me vil og fordi synes det er kjekt. Det krever at ein hopper i det med båe føta og har mange bein å stå på når ein landar. Om det er noko eg vil trekkje fram ved jordbruksskulen så må det vera deira kunnskap og kompetanse på attåtnæringar, og det å synleggjera alle dei tusen moglegheitar det finnes på ein gard. Eg trur nesten alle kan finne noko dei vil satse på å driva med på ein gard.

Jordbruksskulen er ein god plass for å bli inspirert og få hjelp til å tenkje kreativt og nyskapande kring gardsdrift. For å ta tak i ein «vinjerock-tankegang» så skapast det så mykje kreativt og godt når bra folk kjem i lag. Nettopp dette skjer i Aurland kvart år når folk med like interesser blir samla i ei klasse. Like mykje som skulen eller den økologiske drifta, så er det folka som inpirerar kvarandre!

Redd Økoskulen –landsdekkjande kampanje. Me treng kreative bønder! Me treng dei som finn gode og framtidsretta måtar å drive småskala landbruk på. Me har ikkje råd til å miste vår kunnskapskelde og inspirasjonsbank! Skulen har vore nedleggingstruga ei rekkje gonger. Dei har fått fortsetja skuledrifta med naud og neppe og ikkje forlangt meir en dei måtte for å halde drifta i gong. Dei store oppussingane og påkostningane har stadig vorte utsett, sjølv om dei er sårt trengte.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har vedtatt at SJH må pusse opp internat og skulebygg for å fortsetja å drive skulen. Dette vert ein kostnad på 42.5 millionar kroner i fyrste byggetrinn og totalt 84 millionar over ein 15-års periode. Den Norske Stat og Sogn og Fjordane fylkeskommune er villige til å betale 60% av påkostningane. Dei har òg vedteke at om ikkje finansieringa av dei resterande 40% kjem på plass vil skuledrifta leggjast ned.

Då starta ei omfattande kronerulling båe på landsbasis og utanlands. For nokre dagar sidan fekk me ei gladmelding om at Venstre hadde forhandla fram 5 millionar ekstra til SJH, samme dag fekk me veta at kronerullinga passerte 200 000. Store og små seire. Like viktig som penger er det å vise at skulen har brei støtte.

Vil du (væresåsnillog) bidra til at landets einaste heiløkologiske skule ikkje vert lagt ned?

Kom på Redd økoskulen aksjonen på Drengestøga i Vang sentrum. Det er ein landsdekkjande kampanje som går i alle fylker i heile landet.

Det er mange ting du kan gjere, men dei to viktigaste er:

Gå inn på venneforeininga si side og bli inspirert. Her er god informasjon om korleis du kan bidra

Om Ida Østvold

Ida Østvold
Hedmarkingen Ida Østvold har dreve gard med vangsgjeldingen Sigmund Sørum på Sørre Leine i Vang sidan mai 2012. Ho er over snittet interessert i gamle storferaser og har tretten av desse i fjøset. Trur på småskala landbruk og ein større grad av sjølvforsyning, båe lokalt og globalt. Har starta Skutshødn DA, som driv med produksjon av gardsmat, spesielt stølsost.

Flere bloggposter fra Ida Østvold