Bjørn Olav Søndrol står i spissen for aktivitetsdagen på Åsvang laurdag klokka 11. Ragnhild Lund har flytta barneteateret «Se! Jeg fant!» i regi av Teater Innlandet til Åsvang klokka tre same dag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Aktivitetsdag for barnekreftsaken

Aktivitetsdag for barnekreftsaken

13. februar 2018

Kreftramma familiar i Vang arrangerar aktivitetsdag på Åsvang laurdag 17. februar frå klokka 11. Frå klokka 15 går teaterframsyninga «Se! jeg fant!» i regi av Teater Innlandet på scena inne på Åsvang samfunnshus.

Dagen er meir aktuell enn nokon gong, då Pernille Gudbrandsen (7 år) døydde av kreft måndag førre veke. Arrangørane er klare på at dei ynskjer å gjennomføre dagen for å heidre Pernille og halde trykket oppe for barnekreftsaken.

– Vi håpar på størst mogleg deltaking frå heile Valdres til på denne uhøgtidlege, men viktige, aktivitetsdagen. Påmelding går til meg (bjornolav81@outlook.no/99690783) og Vippsnummeret 476 77 266 er aktivt for både deltakarar på dagen og dei som heier frå sofaen, fortel Bjørn Olav Søndrol.


Saman med Ove Gudbrandsen, Kjell Magne Kvale og Leif Øyvind Solemsli utgjer han ein slagkraftig del av dette årets «Team Rynkeby hedmark og Oppland» som gjennom aktivitet og eit sykkelløp samlar inn pengar til forsking på barnekreft.

Skileik med meining

Nulløp, stafett og skileik er hovudingrediensane på aktivitetsdagen som vert arrangert i samarbeid med Fjellblom idrettslag.

– Vi har hatt ordføraren ute i dei ulike løypene på Åsvang, og den som går nærast den han har gått på vinn nulløpet, fortel Søndrol.


Sjølvsagt kan ein prøve seg så mange gonger ein ynskjer, noko som betyr både fleire vinnarsjansar og meir pengar til forsking på barnekreft.

– Ingen slår oss

Til den uhøgtidlege sprinstafetten er eit lite høgdepunkt under dagen og meldinga frå Kjell Magne Kvale er klokkeklar.

- Eg er heilt sikker på at ingen slår oss i sprintstafetten. Og vi tek alle utfordringar på strak arm frå dei som eventuelt gjer det, seier han.

Har du eit tak som skal måkast? Eller kanskje du vil ha eit songinnslag på arbeidsplassen? No har du moglegheiten! Det skal nok ikkje så alt for mykje til for å slå Rynkeby-laget, så her er oppmodinga om å skrape saman eit uhøgtidleg lag og melde seg på klar.

– Det vert premie til beste mixlag, beste kvinnelag og det laget som skapar best underhaldning, så her er er bodskapet at ALLE kan vera med, seier Søndrol.

Påmelding til stafetten gjer du til bjornolav81@outlook.com 

Avslutning med teater

Som ein avslutning på dagen vert det teaterframsying på Åsvang samfunnshus med barneforestillinga «Se! jeg fant!» i regi av Teater Innlandet.

- Dette er ei artig forestilling om pannekaker, ein oppfinnsom gris, ein snill ulv og ein smart Raudhette. Og så får vi svar på det store spørsmålet: Kan ulven og grisen eigentlig vera vener?, fortel Ragnhild Lund som organiserer framsyninga. 

Forestillinga var eigentleg sett opp på Torsheim på laurdag, men folk snakkar saman i Vang, og då var vegen kort til å flytte til Åsvang.

- Overskuddet frå forestillinga går til barnekreftforeningen og ein kan kjøpe billettar både på førehand og i døra, fortel Lund.