«Yogaeventyr» var ein av mange leikprega aktivitetar under «Barnehagedagen» i Høre denne veka.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Barnehageleik

Ungane i Vang vil leike

16. mars 2017

Fire og fem-åringane i Vang samla seg til leik i Høre denne veka i høve «Barnehagedagen». Her er rapport frå barnehagestyrar Yvonne Solemsli.

«Så var dagen komen! Vi feirar oss sjølv med "Barnehagedagen". 4- og 5 åringar samlast i Høre barnehage den 14.mars.

I over 10 år har vi samla alle barnehagane i Vang kommune til ein felles dag saman. I år var slagordet "Vi vil leike". Song, eventyryoga, språkløype, minirøris, gymsalaktivitet, måling og mykje herleg leik vart det!

Barna forteller til forskere som spør, at det viktigste for deres trivsel i barnehagen er å leke og det å ha venner å leke med (Rapport: Hele barnet, hele løpet; Mobbing i barnehagen, 2015). 
FNs barnekonvensjon slår fast at barn har rett til å få leke. Barnehagen er ein stor del av barns kvardag, og ein viktig arena for leiken. I barnehagelova står det at barnehagen skal gje barn muligheiter for leik, livsutfaldelse og meiningsfylte opplevingar, og aktivitetar i trygge og samtidig utfordrande omgjevnadar.

Gjennom lek lærer barn å ta initiativ og å lytte til andre. De lærer å lede og å bli ledet, og det å være en del av et fellesskap. De trener på å bruke sansane og være kreative, nysgjerrige og å bruke fantasien. Dei opplever samhald, livsglede og humor. Dei viser omsorg.
Gjennom leken får barn øvd på motorikken, dei lære om reglar og normer, og opplever samspel mellom barn-barn og voksen-barn. Dei opplever motgang og små tap, må ta ansvar, vente på tur og øve på å gje og ta. Når dei leika, får dei øvd på konfliktløysning og forhandling. Dei bygger sjølfølelse og kjenner på mestringsfølelsen.

I leken må de kommunisere og samarbeide, utfolde seg og bli utfordra. Dei får bearbeida  erfaringar og opplevingar, og får erfaringar med ulike leiketyper.

Gjennom leken får barna utviklet seg emosjonelt, de må gi av seg sjølv og oppleve empati. Dei utviklar seg intellektuelt, øver opp konsentrasjon og tålmodighet, og lærer om eigen identitet og eigne grenser. Dei bygger sjøltillit, opplever vennskap, latter og glede – dei får være barn!


Vi hadde politikarar som tok turen hit til Høre barnehage og besøk av Brita Bollum Mala som er Utdanningsforbundet sin fylkesrepresentant og kontaktperson for barnehage. Vi snakka om kvalitet i barnehagen, bemanning, leik, behov, 
Vi ynskjer å skape større forståing for barnehagens arbeid med å sikre den gode leiken – for alle barnehagebarn. Barns muligheiter til å leike er avgjørande i barns utvikling, og vi forsøker å vise kvifor og korleis.


Takk til alle som var med på denne dagen!


Mvh Yvonne Solemsli, barnehagestyrar Vang kommune»