Farmendagen2014 (6 of 7).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Farmendagen 2017

Farmendagen open for utstillarar

15. mai 2017

Laurdag 10. juni vert det folkefest i Ryfoss under den årlege «Farmendagen». Arrangørane har no opna for påmelding av stand.

– Planlegging er godt i gang. Nokre ting er på plass, andre ting heng litt i lufta, fortel Inger Kongslien Tveit frå arrangørgjengen.

Ein del standplassar er allereie tinga, men arrangørane har plass til fleire. Er du interessert? Kontakt ein Inger Kongslien Tveit (iktveit@gmail.com//97144191) eller ein av dei andre arrangørane.

Full fart i Føsse

Ved sidan av mange på stand og yrande marknadsliv heile dagen er det tett mellom høgdepunkta på Farmendagen.

– Dei 35 eldste bilane som er med i Valdresbilløpet har sagt dei vil køyre gjennom sentrum. Det rydder vi sjølvsagt hovudgata for. Det vert litt av eit skue, fortel Inger.

Elles vert det linedance, farmentrim, seniordans, ei overrasking eller to, dyr i hotellhagen og mange andre av dei faste innslaga som har gjort Farmendagen til ein folkefest fyrst på sumaren.