fossegrimen.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fotoutstilling om Fossegrimen

Fotoutstilling om Fossegrimen

13. juni 2017

Årets sommarutstilling på Vang folkebibliotek er ei fotoutstilling signert Ivar E. Thune Hagerup, og heiter Jakta på Fossegrimen.

Bileta er ein del av eit meir omfattande fotoprosjekt som han kallar Meir enn fjell, inspirert av Rolf Jacobsen sitt dikt Mere Fjell.

- Her prøver eg gjennom bilete å ta fatt i kva fjell og natur gjer med oss, kva vi ser og kva vi opplever, sier Hagerup.

Kva er det med fjell og natur som grip tak i oss, og korleis har det vore med å laga eventyr, sagn og myter? Har fjella ei eige kraft, eller har dei berre bidrege til fantasien hjå menneske før oss til å skape forestillingar om nøkk, hulder, troll og vetter? er av spørsmål som har oppteke han i arbeidet. 

- Alle bileta på utstillinga, unntatt eit, er tatt i området ved Leinekvernene. Ein gong eg sat der med kameraet, såg eg plutseleg eit ansikt forma av stein og vatn i fossen! Det slo meg at slik kunne nokon ha opplevd det for 1000 år sidan og. Ettersom turane dit vart fleire, verka det nesten som at dei som bur i fossen vart vant med meg, og fleire og fleire titta fram. Men ikkje Fossegrimen sjølv…

Utstillingsansvarleg på biblioteket Marianne Isachsen inviterer til opning laurdag 24. juni kl 14, der Jørgen Andrisson Kvam bidreg med trolske tonar.

Utstillinga blir hengande ut august og kan besøkast i biblioteket si opningstid gjennom heile sommaren.