Frisklivsrettleiar i Vang kommune, Linda Holten Riste og Guro Råheim Kvam, helse- og omsorgssjef, inviterar til opning av generasjonsparken ved Vangsmjøse torsdag klokka 12.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Generasjonsparken opnar

Generasjonsparken ved Vangsmjøse opnar

18. september 2018

Alle aldrar og aktivitetsnivå har fått eit nytt tilbod gjennom den aktivitetsparken ved Vangsmjøse i Vang sentrum som opnar torsdag.

– Parken er tredelt med ein del for ungar, ein for vaksne som vil trene og ein er for folk under rehabilitering og opptrening. Men det er sjølvsagt mogleg for alle grupper på nytta alle delane, fortel Linda Holten Riste, frisklivsrettleiar i Vang kommune.

Ho har skaffa finansiering til den nye parken og leia gruppa som har bestemt utforming og innhald i parken.

Prosjektet er fullfinansiert utanfor kommunale budsjett med kr. 300.000,- frå Sparebankstiftelsen DNB og kr. 200.000,- får Oppland Fylkeskommune.

Opning torsdag

Parken har allereie vore mykje nytta av både barnehagen, barnefamiliar og andre, men på torsdag klokka 12 er det klart for offisiell opning.

– Kommunestyret har møte den dagen og kjem ut for å vera med, samstundes som både skule, barnehage og onsdagskafeen er invitert. Alle får høve til å teste parken og kanskje få litt enkel rettleiing i bruk av apprata, fortel Holten Riste.

Det vert også ei sjølvsagt snorklypping ved ordførar Vidar Eltun, samt kaffi og saft. Kanskje vågar til og med politikarane seg til topps i klatretårnet?

Samlingspunkt

Parken er oppretta på naturleg grasbakke mellom kommunehuset og Vangsmjøse i same området som det også er sett opp ei open og offentleg badstove.

Det er ingen umiddelbare planar fleire apprat i parken, men helse- og omsorgssjef i Vang kommune, Guro Råheim Kvam er tydeleg på at området har prioritet.

– I fyrste omgang kjem det opp instruksjonsskilt for apparata, ei søppelkasse og kanskje nokre fleire benkar. Vi ser at dette er eit vakkert område som legg til rette for aktivitet, så både belysning og andre grep kan vera aktuelt seinare, men då som ei del av ein større plan.

Plasseringa midt i sentrum var ein føresetnad for å få støtta som parken har fått. Det er også ein av styrkane i høve til aktiv bruk av parken.

– Vi håpar at dette vert ein naturleg og uhøgtidleg møteplass for mange alders- og interessegrupper, avsluttar Råheim Kvam.