Vangshallen (6 of 18).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Innovangsjonsdagen 2018

Innovangsjonsdagen 2018

25. januar 2018

Innovangsjonsdagen 2018 i Vangshallen laurdag 3. februar vert ei storstilt markering av ei bygd i vekst.

– Alt det positive som pregar bygda vår om dagen vil dominere dagen og kvelden frå start til slutt, seier Innonvangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Saman med eit motivert styre i Innovangsjon er han i full gang med å planlegge årets Innovangsjonsdag.

Opnar med open hall

Symjehall med terapibasseng, klatrevegg, Vangshallen og treningsrom er gratis tilgjengeleg for store og små frå 10-12 som ein start på heile Innovangsjonsdagen.

– Vi ynskjer det skal vera så låg terskel som mogleg på å bruke det fantastiske anlegget Vangshallen er og håper både gamle og unge tek turen innom for ei uhøgtidleg aktivitetsøkt etter eige ynskje, seier Rogn.

Styreleiar i Innovangsjon, Solbjørg Kvålshaugen, stiller med suppe og brød til lunsj klokka tolv.

Vang byggjer Vang

Frå tolv til fire er det Vang og vangsgjeldingar på programmet. Det vert gjort opp status for bygda, suksesshistorier skal fram i lyset og det vert debatt og diskusjon og vegen vidare for Vang.

– Det skjer og har skjedd såpass mykje bra i Vang dei siste åra at det er på sin plass å løfte fram dette. Samstundes trengs det meiningsytringar for å koma seg vidare, seier styreleiar Kvålshaugen.

Alt som skjer av mat og aktivitet på dagtid er gratis. 

Fullstendig program kjem i løpet av kort tid.

Fest i foajeen

Etter nokre timar til fjøs, mat, legging av ungar og anna, er det klart for middag og dansefest i foajen på Vangshallen frå klokka åtte.

– Det vert lokalmatbuffet med det beste frå Vang og Valdres på bordet, fortel Kvålshaugen som også er ein framifrå kokk og drivar av Fondsbu turisthytte.

Etter middagen vert det Vangsquiz før bandet til vangsgjelding og profesjonell musikar, Jogeir Daae Mæland, syter for dansemusikk og fest ut over kvelden .

– Vi tillet oss å vera noko navlebeskuande denne dagen og droppar å hente inn kjende namn frå hovudstaden. Aktivitet i fantastiske Vangshallen, ein grundig statusrapport om bygda vår, Solbjørg sin lokalmat og festmusikk er sterke nok kort til at vi har trua på at dette vert ein festdag for heile Vang, seier Rogn.

Påmelding til mat og fest: hallgrim@vangivaldres.no // 41222769 (Kr. 190,-)