Denne gjengen har ansvar for at Bygdekinoen går så det susar framover! Frå venstre: Ivar Søndrol v/ Vangskoret, Odne Holm v/ Bygdekinoen, Oddbjørn Skeie kulturskulerektor og Tor Jørstad v/ Vangskoret.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny og spennande ordning for Bygdekinoen i Vang

Ny og spennande ordning for Bygdekinoen i Vang

28. september 2022
I mange år har Bygdekinoen i Vang vore drifta av engasjerte ildsjeler. No kjem kommuna med ei ny og spennande ordning for lag og foreninger i bygda!

- Det er lett-tjente penger, vil eg sei. Me er her ei lita stund før kinoen byrjer, og ei lita stund etter den er ferdig. I tillegg får me moglegheit til å sjå båe filmane, om me ynskjer det, hvis ikkje har ein av oss moglegheit til å reise heim i mellomtida. Det må alltid vera ein tilstades under forestillinga, seier Tor Jørstad, medlem i Vangskoret. 

Det seier han om den nye ordninga for kinoen, som no er på plass. No skal nemleg alle lag og organisasjonar få tilbod om dugnadsjobbing på bygdekinoen. Dei hjelper til å rigge opp og ned utstyret saman med Bygdekinoen, og tjener penger inn til laget / foreninga si. 

- Ideen kjem vel i utgangspunktet etter at våre to ildsjeler, Elisabeth og Anine valde å tre av og gje stafettpinnen vidare etter omslag 10 år som frivillige for Bygdekinoen, fortel Oddbjørn Skeie, kulturfagleg rådgjevar ved kulturkontoret. 

- Då vart ballen spelt over til oss i kulturadministrasjonen, og det var då denne ideen kom. Eg tenkjer det er utruleg viktig at kommunen har eit kinotilbod til innbyggjarane i Vang, legg han til. 

 

Ny og spennande ordning 

Ordninga vart vedteke i kommunestyret tidligare i vår, og det var mogleg for laga å søkje om dugnadsarbeid denne hausten. Hittil har det kun vore Vangskoret som har meldt sin interesse, og det er difor kun dei som får goden med inntekt til laget dette halvåret. 

- Per kinokveld blir det betalt ut 1500,- til laget som er på dugnad. På sikt håpar me at fleire lag ser at dette er ei fin ordning å tjene penger på, og at dei hiv seg med i neste inntaksrunde, smiler Skeie. 

Han fortel at det vil vera nye moglegheiter for å søke dugnadsarbeid rundt juletider. I mellomtida er det Vangskoret som er Bygdekinoens hjelpande hand. 

- Det er særdeles lite arbeid. Me er med å lyfter inn alt utstyret og rigger på plass før visningene, og er med og rigger ned alt utstyret i etterkant. Det er nokre tunge løft, men om ein er to, så går det heilt fint, seier Ivar Søndrol, medlem i Vangskoret. 

- Dette er jo ein fantastisk moglegheit til å tjene inn litt ekstra penger til laget sitt. I koronatiden var det mindre aktivitet i Vangskoret enn vanleg, og då også mindre inntekt. No har me sjansen til å tjene inn noko av dette, smiler Jørstad. 

 

Viser 3-4 forestillinger i halvåret 

Bygdekinoen rullar rundt i store delar av distriktsnoreg for å syne frem nokre av dei nyaste filmane på marknaden. Odne Holm har hatt ansvar for Valdres-regionen i lang tid, og fortel at det er eit viktig tilbod for kommunene rundt om i landet. 

- Bygdekinoen er ein viktig del av kulturlivet i kommunen. I Vang er det mellom tre og fire forestillinger i halvåret, og oftast to filmar på ein kveld. Me prøver gjerne å ha eit vidt spenn i kinoene, og det er difor ofte ein barnefilm / familiefilm fyrst, og deretter ein film som mer meir egna for dei vaksne, fortel Odne Holm i Bygdekinoen. 

- Eg har ansvar for opprigg av begge filmane og sal av biletter. Desse kan ein enten kjøpe på nett i førekant, eller i døra, legg han til. 

Frå i haust har Vang no bytta kinodag, og alle filmar vil no visast fredag ettermiddag og kveld. 

- Dette er ei prøveordning. Tidligere hadde me kino på syndager, medan me dette kino-året ønskjer å prøve ut fredager, for å sjå om det kan passe betre for fleire, seier Skeie. 

Kommande fredag 30. september er det nok ein gong klart for to nye kinofremvisninger i auditoriet. Denne gongen er det familiefilmen Helt Super frå 17.30 og krigsfilmen Krigsseileren frå 19.30.