Ragnhild Lund (43)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye fjes i Vang

Nye fjes i Vang

03. april 2017

Eit par gonger i året huker me tak i eit knippe av våre nyaste sambygdingar og spør dei det store spørsmålet: "Kvifor Vang?"

Marta Bjørnøy Lalim (31)

Prosjektleiar i Kirkens Bymisjon
Flytta frå Drammen

-    Eg har tatt over garden etter far min, og etter å ha prøvd både Vang og Drammen fall valet på Vang. Me fann ei heilt anna ro her. Kaffien smaker betre, og snøen fell saktare, på ein måte, noko heile familien set stor pris på.

Magnus Lajord (32)
Risk & compliance-ansvarleg
Flytta frå Oslo

-    Eg føler at eg aldri flytta frå Vang! Med både familie, gard og folk har tilknytinga mi til bygda alltid vore sterk. Då eg tok over familiegarden og fekk vikariat i banken, var valet enkelt! Ekstra stas blir det når min betre halvdel flyttar hit om nokre veker. 

Ragnhild Lund (43)
Gründer innan kunst, kultur og helse
Flytta frå Nesodden

-    Eg ville jobbe der det er trivelege folk, og ynskjer å bidra til kulturlivet i Vang. Far min er her ifrå, og eg har difor ei tilknyting til bygda. Jobben min kan eg ta med meg overalt, og her finn eg roa eg treng. 

Astrid Bruun Arnesen (28)
Barne- og ungdomsbibliotekar
Flytta frå Bjarkøy

-    Eg har vore i Vang fleire sumrar og likar meg her. Difor tok eg sjansen då stillinga dukka opp. Her møtte eg vilje til å leggje til rette for folk, og det finst fleire unge tilflyttarar. Vang er van med å ta imot nye folk, så eg følte meg velkomen med ein gong. 

Ragnhild Birkeland (30)
Økologisk agronom med hest
Flytta frå Bergen

-    Sambuaren min og eg har vore på utkikk etter ein plass å falle til ro. Her i Vang var det den flotte naturen og det unge, kreative miljøet som var avgjerande, og me har funne mange likesinna menneske. På sikt ynskjer me å kjøpe eit småbruk!