bilde til facebook og nettside - destinasjonsdag.jpg (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Open temadag om destinasjonsbygging

Open temadag om destinasjonsbygging

15. mai 2017

Vang- Tyin og Filefjell reiseliv og Innovangsjon inviterer til open temadag om destinasjonsbygging, måndag 29. mai kl 10-15 på Mjøsvang Kafé.

Korleis ser framtidas destinasjon ut?  Med samtale, idémyldring og eit blikk til nærliggande destinasjonar opnar arrangørane for dialog om ei målretta destinasjonsutvikling for Vang med den politiske planprosessen rundt Tyinkrysset som bakteppe.

- Heile Vang i Valdres står som tema fordi heile Vang bør opplevast som ein destinasjon. Vi arrangerer temadagen for å skape motivasjon og engasjement for å tenkje i retning av korleis vi opplevast i framtida. Ein destinasjon for framtida, men og i dag. Rett og slett ein open temadag om emnet, fortel Leif Solemsli, styreleiar i Vang- Tyin og Filefjell Reiseliv

Lokalbefolkning, grunneigarar, utbyggjarar, næringsliv, hytte- og fritidsbrukarar, politikarar og andre interesserte er hjarteleg velkomne til ein uformell temadag.

Frå Beitostølen kjem Atle og Bjørnar Hovi og Tord Diserud, som alle vil ta for seg destinasjonsutvikling med ulik vinkling. Det vert og deltakarar frå Visit Valdres.

Omdømme, bærekraft, turisme  og hytte/fritidsbrukarar er døme på undertema som kjem opp denne dagen. Målet med temadagen er å opprette ein dialog rundt eit felles omgrep om destinasjonen.

Det er fri inngang til sjølve dagen. Mjøsvang Kafé byr på lunsj med lokalt preg for kr. 100,-

Vel møtt!