Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Pressemelding fra Vang Historielag

No startar innsamlinga av bilde til bildeboka i Vang!

01. september 2016


Vang Historielag har starta arbeidet med å samle inn gamle bilde frå Vang. Fotosamlinga i kommunen har i dag om lag 3500 bilde som vart samla inn i 1994, og no er det tidsepoka frå om lag 1940 og fram til 1960 som står for tur. Fleire av desse nye bilda kjem med i bildeboka som Vang Historielag skal gje ut.

- Det er avgjerande for oss at bygdefolket stiller opp og kjem med interessante bilde, fortel Tore Hovda, leiar i Vang historielag. Ein god del av bilda frå forrige innsamling er svært interessante, men no ynskjer vi å samle inn nyare bilde som ikkje er registrert i fotoarkivet tidlegare - frå 1940 og framover. Det vil derfor i haust bli ei runde med scanning av bilde i dei forskjellige kretsane, seier Tore. Vi har gode støttespelarar som er med på denne jobben, men vi treng hjelp frå dykk! 

Bildebok på gang

Nytt med denne innsamlinga er at dei mest interessante bileta blir satt på trykk:
 - Boka er tenkt som ei praktbok, altså ei litt større og tjukkare bok, der bileta får god plass, opplyser Tore. - Boka vil bli delt inn i tema, og vi treng bilde som syner mange forskjellige situasjonar og hendingar: Vegbygging, brøyting, mekanisering, overgang frå hest til traktor, bygging av driftsbygningar og andre bygg, husmoryrket, pelsdyrnæringa, transport/samferdsel, klassebilde, konfirmasjonsbilde, idrettsarrangement, jakt og fiske, kraftverk og anleggsarbeid. 
- Vi tenkjer meir fokus på det daglege og mindre på høgtid, smiler Tore. Men alt er av interesse!


Scannegruppa er klar 

Det leggjast opp til éin kveld i kvar krins i Vang, og fyrste sjanse er på biblioteket i Vang, tysdag 6. september frå kl 18.00.

 - Som de ser er vi ute etter mange forskjellige tema. Bilda de kjem med må vera av brukbar kvalitet, og de bør vite namna på dei fleste som er avbilda. Dei bilda som ikkje blir nytta i boka i denne omgang, vil bli lagt i fotoarkivet til eventuelt seinare bruk, seier Tore. Han legg til: - Vi vil presisere at dette er eit non-profit-foretak, der ingen av dei som arbeider med prosjektet skal tena pengar på det. Vi håper verkeleg at de vil stille opp på denne dugnaden, det er viktig å dokumentere fortida vår på denne måten, avsluttar Tore, som håpar å sjå mange spanande bilde utover hausten.

Heimesida til historielaget: www.vanghistorielag.no vil i denne samanhang bli nytta mykje til informasjon om prosjektet. 

 

Kontaktperson: 
Tore Hovda, leiar
Vang Historielag
mob: 950 50 882