Nye straummålarar i alle hus og hytter i Vang kjem kundane til gode, fortel kontor- og økonomisjef i Vang energiverk, Jon Teodor Lyste og prosjektleiar Lasse Nystuen Moen
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Smart straum

Smarte straummålarar i alle hus

15. februar 2016

I februar byrjar Vang Energiverk å installere smarte straummålarar i alle hus i Ryfoss. I løpet av det neste året står resten av Vang for tur. Det betyr at den månadlege «målaravlesinga» er ein saga blott og at ein på sikt kan nytte straumen når han er på sitt billigaste.

– Frå fyrste stund får du 100 % kontroll over forbruket ditt. Om du vil kan du dagleg gå på nett og sjekke kva du har brukt av straum time for time det siste døgnet, fortel prosjektleiar hjå Vang Energiverk, Lasse Nystuen Moen.

Smarte straummålarar (AMS) er innført som eit nasjonalt krav frå 2019. Vang energiverk er tidleg på ballen og har ein plan klar for installeringar.

Heile Vang

I februar køyrer e-verket sjølv i gong eit pilotprosjekt i Ryfoss.

– Her kjem våre folk til å installere alle AMS-boksane sjølve. Etter dette vert det grundig evaluering før vi ruller ut i resten av kommunen, fortel Nystuen Moen.

Heile Vang er delt opp i seks område, og etter at E-verket sjølve er ferdige i Ryfoss er det elektrikarar i Vang som går i gang med dei andre områda. Elektromontasje AS skal montere Tyin–Filefjell, Eidsbugarden, Øye og Vang, mens  Bjørn Bjørneseth Installasjon AS skal montere Høre og Syndin.

– Det har vore viktig for styret å løyse dette lokalt. Det gjev kunden meir fleksibilitet, samstundes som at vi kjenner oss trygge på kva vi får levert, fortel Nystuen Moen.

Han informerer også om at E-verket sjølv kjem til å foreta installasjonen hjå alle bedrifskundar.

Avhengige av samarbeid

For å koma i mål med installeringa av dei nye målarane er E-verket heilt avhengig av tett samarbeid med både hytteeigarar og fastbuande i Vang.

– Vi set opp eit eige bookingsystem knytta opp mot kundesystemet vårt. I praksis betyr det at kunden får ein SMS om forlslag på dato og beskjed om å bekrefte eller foreslå ny dato, fortel kontor- og økonomisjef i Vang energiverk, Jon Teodor Lyster.

Han understrekar at det då gjer alt mykje lettare for både kunden og E-verket om ein faktsik tek seg tida til å svare på SMSen.

– Ein vert sett i direkte kontakt med installatøren som skal koma og kan få sett installasjonen til eit tidspunkt som høver godt. Sjølve installeringa tek ofte berre 20 minutt, så det er ikkje store bortheftet, seier Lyster.

I løpet av våren 2017 skal dei siste bueiningane i Vang få installert AMS-boksar.

Fleire fordelar for kunden

I starten er altså det at ein slepp å lesa av målarstanden det fyrste ein merkar med dei nye boksane, men på sikt er det mange positive effektar av å nytte ny teknologi. Lyster og Nystuen lister opp ei god smørbrødliste som kjem kunden til gode.

  • Alltid korrekt forbruk på faktura, uten at kunden treng å bruke tid på å lese av målaren.
  • Kunden får etter kvart høve til å styre forbruket sitt til dei rimeligaste tidspunkta på døgnet.
  • Kan tilpasse tariffen sånn at den vert betre knytt opp til belastinga på nettet.
  • Målarane er tilpassa utvikling i ny teknologi. Bla smart-hus, solpanelstyring o.l.
  • Straumforbruket oppdaterast hyppigare og skal vera lettare tilgjengeleg. Formålet med dette er bl.a. større fleksibilitet rundt val av kraftleverandør og betre straumpriser til kunden.

  • Feil i nettet kan oppdagast og lokaliserast raskare.