StartUppValdres (6 of 17).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv StartUpp Valdres stepper opp

StartUpp Valdres stepper opp

07. juni 2018

Med to klasser og totalt kr. 100.000,- i premiepotten skal beste bedriftsideen i Valdres fram i lyset.



- Det var full klaff i fjor med spanande idear, mykje merksemd og topp underhaldning for publikum. Når også fleire av ideane er tekne vidare er det heilt naturleg å kline til med eit nytt arrangement, fortel næringsutviklar i Innovangsjon Dag Inge Bruflot.


StartUpp Valdres er ei idékonkurranse i samarbeid mellom Innovangsjon, Valdres Næringshage og Sparebank1 Hallingdal og Valdres. Det er et lignende StartUpp-arrangement i Hallingdal denne høsten, og konkurransen er mye finansiert gjennom prosjekt Høge Sprang i regi av «Fjellsatsinga».

Ta kontakt med næringsutviklar Dag Inge Bruflot (daginge@vangivaldres.no // 958 73 757)

To klasser

Konseptet for konkurransen er at gründere og bedrifter presenterer sine idear framfor ein jury og eit publikum. Fem minutt og maks fem «slides» er rammene dei lyt halde seg til.

Den største justeringa frå fjoråret er at konkurransen er delt i ei klasse for gründere og ein for etablerte bedrifter.

– Vi ynskjer å skapa kultur for at gründere skal tørre å ta steget fullt ut og etablere bedrift. Samstundes ser vi at mange etablerte bedrifter er i posisjon for å utvikle nye idear, noko som er svært viktig for arbeidsmarknaden i Valdres, seier dagleg leiar Hilde Tveiten Døvre i Valdres Næringshage.

Båe klassene har kr. 50.000 i premie til vinnarideen som fritt disponerast for å ta ideen ut i marknaden.

Arbeidskveldar i forkant

Finalen er i klatreavdelinga hjå Valdres Storhall torsdag 11. oktober. Før den tid er det fleire arbeidskveldar hjå Valdres Næringshage for å jobbe fram dei gode ideane.

– Vi er innom både forretningsmodellering, sal/marknadsføring og innsal/pitching gjennom tre kveldar. Dette vert opne og gratis arrangement der det ikkje er noko krav om å melde seg på i i konkurransen, fortel Karianne B. Borchgrevink, marknads- og bedriftsutviklar i Valdres næringshage.



Den fyrste er 12. juni der Innovasjon Norge er på plass for å lære bort om forretningsmodellering. Dei to neste kveldane blir på andre sida av sumaren.