Gangvegen ved Vbu vart brukt som ulykkestad denne dagen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Trafikkdag

Samarbeid om trafikksikkerheit

19. april 2016

«Bilen i grøfta, fleire skadde og du er fyrstemann på ulykkesstaden. Kva gjer du?» Det var utgangspunktet for trafikksikkerheitsdagen på Vbu måndag.

– Målet med dagen var å syne kva for plikter og ansvar ein har under ei trafikkulykke, samt øve på livreddande fyrstehjelp i praksis, fortel Linda Jevne.

Saman med Nils Olav Bakken er ho lærar på valfaget trafikk for niande og tiande klasse ved Vang barne- og ungdomsskule (Vbu).

Ambulansetenesta ved Tor Erik Berge og brannvesenet ved Ove Martin Stende var på plass for ei dag med både teori og praksis.

– Under den praktiske øvinga er dei delt i grupper på fire. Her er fire som har vore med i ulykka, fire som kjem til for å hjelpe og fire som observerer, fortel Tor Erik Berge.

Nivået på skadestadshandsaminga vart betre og betre for kvar øvingsrunde, og elevane fekk med seg ein god erfaring på vegen mot å verta trafikantar.

Mot slutten av dagen fekk alle ta ein grundig kikk på ein ambulansebil som hadde teke turen opp frå Ryfoss, samt ein av redningsbilane til Vang brannvesen.