Anne Heidi er verdas beste regissør! seier ein av skodespelarane på øvinga tysdag denne veka. Foran dei to heltemodige venene spelt av Olav Almenning og Ine Karlsen. Bak f.v. regissør Anne Heidi Kvam Hillestad, Svein Erik Kårstad, Marit Andrisdotter Kvam, Ole Øyvind Rømyhr Haugen, Jan Magne Almenning, Lea Øraker som Mariel, Øyvind Kvam Hillestad som Nøkken og Randi Rømyhr Haugen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Trolsk teater

Trolsk teater

10. august 2016

Det har foregått mystiske ting på Åsvang i sommar. Undgom frå heile Vang har lagt skumle planer, og fredag 19. august kl 20 kan alle som vil få sjå resultatet. Då blir det nemleg teaterframsyning!

Det er Anne Heidi Kvam Hillestad som står bak prosjektet, som er hennar 4H-oppgåve for i år.

- Vi er nesten 30 aktive i Åsvang 4H, og kvart år veljer kvar enkelt ei oppgåve som vi skal syne fram. Eg valte å sette opp eit teaterstykke, og fann 'Nøkkens brud' av Turid Lisbeth Nygård på nettsida Dramas. Det handlar om Mariel som skal gifte seg, men som blir trollbunden av Nøkken, og så må dei to venene Nora og Mikkel prøve å redde henne. Det er ein klassisk kamp mellom det onde og det gode, seier ho.

Stykket er ein familiemusikal med mykje musikk, og i tillegg til 13 skodespelarar er det med to dansarar og ein spelemann.

Framsyninga blir i skileikområdet på Åsvang, så ein lyt ta med seg godt med klede og noko å sita på.

Gjort det meste sjøl

Ungdommane har fått ein del hjelp frå foreldre, men har stått for det aller meste av førebuingane sjølv. Dei har skaffa kostymer, rekvisittar, laga koreografi og regi. Og å jobbe saman om ei slik framsyning bringer gjerne fram nye sider ved folk, seier Anne Heidi.

- Det har vore moro å sjå korleis fleire som var litt usikre og sjenerte i starten etterkvart blir meir og meir trygge. Og sjølv om kanskje ikkje alle vil inrømme det heilt så synest dei det er veldig moro å spele teater!

Travle ungdommar

Det har ikkje vore berre enkelt å få samla ein så stor gjeng når mange er opptatt med sommarjobb og ferie. Anne Heidi har fått utfordra seg sjølv i arbeidet med framsyninga.

- Eg har måtta stole på dei eg har med, at dei står løpet ut og at dei øver på eigen hand. Vi har vel nesten ikkje hatt ei einaste øving der alle har vore med, så det blir litt tilpassing kvar gong for å øve best mogeleg med dei som er tilstades. Men eg trur vi kjem i havn, og vi gler oss veldig til å vise det fram. Så vi håper så mange som mogeleg kjem, og at dei synest det er like moro som vi synest! avsluttar ho med eit smil.