Reportasje

Badstover og bygdeutvikling

Bygdeutvikling gjennom lokal ressursbruk var ideen då arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim engasjerte seg i Vang for tre år sidan. To badstover og eit leikeområde seinare opplever Vang byggjeboom.

– Fokuset kring lokalmat har bygd næring, identitet og lokalmiljø på bygda dei siste åra. Kvifor ikkje gjera det same i byggjebransjen? Det var inngangen til prosjektet, fortel arkitekt og prosjektleiar Marius Waagard.

Saman med arkitektstudentar ved Norges tekniske og naturvitenskapelige universitet (NTNU) i Trondheim har denne tankegangen fått ein praktisk ende i fjellbygda Vang dei siste tre åra-

Fokuset kring lokalmat har bygd næring, identitet og lokalmiljø på bygda dei siste åra. Kvifor ikkje gjera det same i byggjebransjen?

– Lokalt klima, tilgjengelege ressursar og materialar formar arkitekturen, mens natur, kulturlandskap og bygningskultur inspirerer han. Vang er her i ei særstilling med sin fantastiske natur som møter eit karakteristisk kulturlandskap og ein eksisterande byggjeskikk som er forma med dei same lokale premissane, fortel Waagaard om kvifor NTNU enda opp nettopp i Vang.

Hallgrim Rogn (31) 

Etter fem år i "byen" som skribent for Den Norske Turistforening (DNT) flytte Hallgrim heim til Vang i 2013. Ved sidan av å gå på ski og hogge ved, jobbar han for Innovangsjon med base på Kontorfellesskapet 1724.

Ordføraren stod for den offisielle opninga av Leikegøta fredag 22. april 2016.

Leikegøte og badstove

Ei open og offentleg vedfyrt badstove nedanfor legekontor og bibliotek i sentrum var fyrste prosjekt. Heilt innpå Vangsmjøsa med ettermiddagssol og spektakulært utsyn er det ikkje lenge mellom kvar gong badstova vert fyrt.

– I fjor snappa vi opp at eit nytt bustadområde var på gang på Hensåsen. Her var ikkje byggjeklart, men området som var sett av til fellesareal, høvde fint for eit studentprosjekt, så vi kontakta grunneigaren som var positiv, fortel Waagaard.  

Dermed vart «Leikegøta» på Heensåsen ein realitet. Ved sida av å vera utfordrande leikearena for ungar er det bålplass, utsynspunkt og høve for «hemsovernatting» for turfolk her.

– Vi ynskjer å skape noko som har verdi for lokalsamfunnet, samstundes som det er til uvurderleg nytte for arkitektstudentane våre å få praktisk erfaring med prosjektering og bygging.

Vi ynskjer å skape noko som har verdi for lokalsamfunnet
Massivt og lokalt

Alle prosjekta har basert seg på bruk av tettvaksen gran frå Valdres skrudd saman til massivtre-element hjå «Norsk massivtre» i Begnadalen. 

Elles ligg det skiferstein frå Herredalen under badstoveomnen, mens Leikegøta er kledd med trespon frå dalen og har gamal Valdres-skifer på taket. For å nemne noko.

– Poenget har vore å syne fram at det er mogleg å tenkje lokalt også når ein skal byggje. På lengre sikt er målet å stimulere til at det blir starta opp fleire nisjeprodusentar av byggjemateriell i regionen, seier Waagaard.

– Arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim har engasjert seg i lokalsamfunnet i Vang dei siste tre åra gjennom studentstyrte byggjeprosjekt.

Prosjekt 2015:
Open og offentleg badstove ved Vangsmjøsa nedanfor bibliotek og legekontor i sentrum.

Prosjekt 2016:
«Leikegøta». Klatring, husking, utsyn, bål og overnatting i fellesområdet på det nye bustadfeltet på Hensåsen.

Prosjekt 2017:
Badstove og utsynsplass på Leirholshøgda.

Bustadutvikling

Feltet på Hensåsen har no vorte ein realitet, og NTNU har teke engasjementet sitt i Vang eit hakk vidare.

– Vi starta forskingsprosjektet «Tre i Valdres 2018» i fjor og inngjekk samarbeid med to par om å byggje pilotprosjekt i det nye feltet der målet er mest mogleg kortreiste og miljøvennlege bygg, fortel professor ved NTNU, Finn Hakonsen.

Husbanken har støtta prosjektet med midlar, då dei ser miljøprofilen som er vektlagd, som verdifull også for andre stader i landet. 

målet er mest mogleg kortreiste og miljøvennlege bygg

Det betyr at husa har kortreiste materialar, lite betong og fornuftig bruk av kvar kvadratmeter. Bustadene er venta ferdig i overgangen 2017/18.

Samstundes vert det bygd nye bustader i alle delar av Vang. Om lag ti nye einingar står klare i løpet av året.

– At institusjonen NTNU engasjerer seg såpass tungt i fjellbygda Vang, er ei fjør i hatten for heile lokalsamfunnet. Som ordførar er det artig å oppleve årets byggjeboom, og eg kan lova at vi kjem til å arbeide knallhardt for at Vang skal vera ein attraktiv plass å byggje seg bustad også i åra som kjem, seier ordførar Vidar Eltun.

For turfolk og turistar

Denne våren vert førebels siste byggjeprosjekt i studentregi avslutta: ei badstove og rasteplass for turfolk på Leirholshøgda i Vang. 

– Årets prosjekt har eit utruleg potensial. Det er perfekt med ein rasteplass på Leirholshøgda i høve til turtrafikken i alle retningar. Ei badstove kan også vera eit turmål i seg sjølv for både bygdefolk og turistar, seier Ina Samdal som har teke over som prosjektleiar dette året.

Meir spektakulær plassering av ei badstove finn du ikkje

Leirholshøgda ligg på nordsida av Vangsmjøsa og er eit mykje brukt turmål sumarstid anten langs stølsvegen eller opp den bratte stigen rett frå grenda under.

– Meir spektakulær plassering av ei badstove finn du ikkje. Vi gler oss stort til både bygging og testing av ferdig resultat, forsikrar Samdal, som reknar med at studentane legg ned til saman tre årsverk i planlegging og bygging. 

Grunneigaren finansierar badstovebygginga og kjem til å leggje opp til sjølvbetening for vedbruk. Eit nytt turmål i Vang er skapt til sumaren 2017.

NTNU har også engasjert seg for å få fram to miljøvennlege og kortreiste bygg i det nye bustadfeltet på Hensåsen.

Vang opplever ein byggjeboom med ferdigstilling av om lag ti nye bustader dette året.