Skrive av Hallgrim Børhus Rogn - 07. desember 2015
Det kunne vore både klamt og tamt å vera såpass låst til ein plass. Men så lenge plassen er Vang, er det alt anna enn det.

Den 27. august vart Ingebjørg vangsgjelding. Mykje kan seiast om det å verta far for fyrste gong, altoppslukande som det er. Men her tenkte eg å fokusere litt på ein liten, men heldig konsekvens av det nye tilværet: Timeplanen er rydda. 


Totalt.

For fyrste gong sidan fire–fem-årsalderen har eg ingen små eller store helgeturar på gang. Ingen ferietur, byhelg, bursdagsbesøk eller fjelltur som et opp ei helg.

Eg skal berre vera i Vang.

Vi skal berre vera i Vang. Og tru meg, det kjennest godt. Det kunne vore både klamt og tamt å vera såpass låst til ein plass. Men så lenge plassen er Vang, er det alt anna enn det. Noko vi prøver å syne fram i dette magasinet. Her finn du unge folk som vel Vang, hytteeigarar som bruker mykje tid i bygda, flytter hit eller startar næring her. Du finn folk og bedrifter som satsar innanfor alle sjangrar, ein kommune som legg til rette, og du finn Vangsfjella, leikegrinda, i fleire ulike settingar.

Fyrste måndagen i elgjakta var det møte på jobb klokka eitt, men mykje av jaktlaget skulle ut. Etter ein roleg morgon med Ingebjørg møtte eg til jakt klokka ni. Etter to timer ute i sola rusla ein elg forbi i såpass låg fart at eg losna skot på elgjakt for fyrste gong på fem år. Den datt sånn om lag klokka elleve. Møtet klokka eitt gjekk fint. Og frå fire og resten av kvelden var det Ingebjørg, Emma og meg. 



Det er med andre ord heilt greitt å vera fastlåst til Vang.

Om Hallgrim Børhus Rogn

Hallgrim Børhus Rogn
Med eit stort hjarte for Vang, Valdres og Bygde-Noreg jobbar Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 412 22 769

Flere bloggposter fra Hallgrim Børhus Rogn