Nyheit

Denne blide gjengen ønskjer hjelp til øvingskøyring

  Nyheitsarkiv
10. apr 2016
Furutuna, Legeset, Kedawi, Eden og Lina. Foran: Hagos, Hadgu, Gebrehiwet, Samuel og Abdul Moti ynskjer alle å ta førarkort.
Viktig for å kunne verta i Vang

Desse  ti er alle busett i Vang kommune, flest i Ryfoss og nokre i Vang sentrum, og om dei skal kunne fortsette med det er det viktig for dei å ta lappen. Frivilligsentralen har ein eigen bil til øvingskøyring, men er på desperat jakt etter fleire frivillige øvingskøyrarar!

Nils Olav Bakken er lærar ved introduksjonssenteret, der dei busette flyktningane går på skule. Han har erfaring frå køyreskule og underviser dei i køyreteori, og er tydeleg på at det trengst øvingskøyring i tillegg til køyretimar. Han har sjølv øvingskøyrd med somme av dei, og seier følgjande;

– Det er moro å øvingskøyre med dei, moro å sjå framgong og den gleda og entusiasmen dei viser når dei opplev mestring. Ein må vere tålmodig og like å prate med folk, elles krevst berre at ein er 25 år og har hatt lappen dei 5 siste åra.

Nokon er nybyrjarar, andre har køyrt bil i heimlandet og treng berre lære dei norske reglane. Dei som har kome lengst med språk og køyreteori blir prioritert først.

– Nokon har aldri køyrt bil før og då startar vi særs roleg på ein parkeringsplass eller liknande, ein tar dei ikkje med ut på vegen før både lærar og elev er klare for det - så det er ingen ting å vere nervøs for,  seier han med eit overbevisande smil.

Og er du framleis nervøs kan du likevel hjelpe til - fleire ønskjer hjelp til å lese teori!

– Meld deg som frivillig, du kan gjere ein stor forskjell for nokon som ønskjer å bygge ei framtid i Vang, oppmodar Marte på frivilligsentralen. Berre send Marte ei melding eller slå på tråden om du vil engasjere deg: frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73