Nyheit

50-årsjubileum for Øye stavkyrkje

  Nyheitsarkiv
27. jul 2015
Attresinga feira

I sommar er det 50 år sidan Øye stavkyrkje blei vigsla på nytt av dåverande biskop Alex Johnson. Søndag den 2 august blir det jubileumsgudsteneste der ein gjer som i 1965; messa startar i ny-kyrkja (frå 1747) og alle går så i prosesjon ned i stavkyrkja og held fram der.

Tidlegare prost i Valdres, Georg E. Johnson og sokneprest Carl Philip Weisser leier gudstenesta. Oddbjørn Skeie blir med og speler gitar og hardingfele. Han er dotterson til Ola Grihamar som spela ved vigslinga i 1965. Solveig Vatn Weisser spelar langeleik.

Etter messa blir det festsamling på skulen. Soknerådet i Øye har alliert seg med mange gode medhjelparar og planlegg solid traktering med rømmegraut og spekemat. Det blir helsing frå riksantikvaren og historiske glimt.

NRK-filmen frå 1965 som fortel om attreisinga av kyrkja vil og bli synt fram.

Soknerådet håpar at mange finn vegen til Øye denne sundagen! Messa startar klokka 11:00