Nyheit

Aasmund Nordstoga, Miss Tati og Panta Rei til #VÅRTNABOLAG

  Nyheitsarkiv
02. sep 2019
Bebuarane på Vang mottakssenter opnar dørene for heile bygda og store artistar no på laurdag.
Festival på Vang mottakssenter laurdag 7. september

Laurdag 7. september er det duka for fest når eindagsfestivalen #VårtNabolag inntek Vang for fjerde gong!

Staden er Vang mottakssenter, tidspunket er frå klokka 13 til 17, festivalen er for ALLE og det heile er sjølvsagt gratis!

– Eg gler meg veldig. Dette er den beste dagen i året, for då får vi vist fram mangfaldet og varmen som er her i Vang, seier Egil Bjørnsland ved mottakssenteret.

Denne gongen står mellom anna Aasmund Nordstoga, Miss Tati og dansekompaniet Panta Rei på scena, og det lovar godt for både god stemning og danserytmar.

Som tidlegare får vi også høyre frå barnekoret og Nabobandet som i år er ein litt utvida versjon av «Dumbo1975». Her er kva dei skriv om seg sjølv; 

Bandet består av Anders Daae Mæland(gitar og vokal), Olav Bøland(keys og vokal), Fredrik Standnes Thorsen(slagverk) og Ole Høyme Einang(bass). Dambo 2975 er ein rappegruppe frå Vang i Valdres, originalt var det ein duo beståande av berre Anders og Olav, som spelte og skreiv all musikken sjølve. No har dei fått forsterkningar i trommis og bassist. Tekstene er underfundige, humoristiske og med eit snev av alvor i seg. Med eit tydeleg lokalt preg. Likevel er musikken ikkje berre inspirert av rappemusikk, me ein smeltedigel av to sjølvstendige komponistar, som høyrer på svært forskjellig musikk. Men på trass av sine ulikheiter inngår musikalske kompromiss med kvarandre og skapar Dambo-uttrykket.

Vidare får vi eit aldri så lite dansekurs direkte frå scena med Jørn Hilme-stemnet! I tillegg blir det leik og aktivitetar. Her er det noko for vaksne, noko for ungar, og alle kan vere med å danse.

Bebuarane på mottaket står for matserveringa, i tillegg til å opne heimen for oss. Vi får mellom anna smake vårrullar, zambusa og ei eritreisk gryte!

Følg med på facebookeventet.

Arrangørar er Vinjerock, Vang mottakssenter, Vang frivilligsentral og Oslo World.