Nyheit

Arrangørkurs i Vang

  Nyheitsarkiv
11. nov 2019
Onsdag 20. november kl 19.00

Er du ein privatperson som skal invitere til konfirmasjon, 60-årslag eller eit anna større selskap? Eller eit frivillig lag eller ein liten bedrift som arrangerer konsertar, seminar eller ein idretts-event? Då er du velkomen til arrangørkurs på Vang folkebibliotek, onsdag 20. november kl 19.00!

Ellen Persvold frå Jørn Hilme-stemnet, Boye Skøre frå Vinjerock, Marte Tangen frå Vang frivilligsentral og Hallgrim Rogn Børhus frå Innovangsjon gir deg tips og råd om praktiske og tekniske utfordringar, organisering, konsept og program. Du får også nokre tips til marknadsføring, dersom det er eit offentleg arrangement du skal organisere.

– Vi reiser ein del rundt og pratar om dette med andre arrangørar i Norge, no kjente vi at det var på tide å dele desse tankane med folk heime i Vang også, seier nestleiar i Vinjerock Boye Skøre, som hadde idéen til arrangementet.

– Det er mykje praktisk ein må tenke på når ein planlegge eit arrangement. Korleis skal folk bevege seg på staden, kva treng ein av lys- og lydutstyr, straum, toalett, osv. Om ein planlegg godt så blir det mindre stress og ein får betre tid til å vere verskap for gjestane sine.

Festivalsjef for Jørn Hilme, Ellen Persvold var ikkje vond å be då ho vart spurt om å bidra.

– Vi arrangerer ei rekke tilstellingar gjennom året, både store og små. Men sjølv om dei er veldig ulike er det mykje likt ein må tenke på – korleis skal programmet appellere best mogeleg til publikum, korleis får dei informasjon, du skal planlegge mat og drikke, kor tett bør programmet vere for at folk også skal få tid til å prate saman? Dette er like aktuelt enten du skal invitere 30 gjestar på fest eller lage eit offentleg arrangement for hundrevis av besøkande.

Vi avsluttar kvelden med ein enkel kafédialog der deltakarane sjølv får diskutere gode idear til arrangement. Det blir kaffi og kringle, arrangementet er gratis og alle er velkomne!