Nyheit

Bli med gjennom Rødalstunnelen

  Nyheitsarkiv
24. jan 2020
Måndag får alle som ynskjer det oppleva den nye Rødalstunnelen saman med Vegvesenet, Vangskoret, ordføraren m. fleire. Foto: Statens Vegvesen.
Marsj måndag klokka seks

Måndag 27. januar kl. 18.00 inviterer Statens vegvesen til tunnelmarsj gjennom Rødalstunnelen.

– Det blir oppmøte ved Bygger'n på Eidsbru, og me blir transportert derifrå og ned til austenden av tunnelen med buss. Så blir det vandring gjennom fjellet tilbake til Eidsbru, fortel Statens Vegvesen via sine facebooksider.

Ordførar Vidar Eltun tykkjer det er flott Statens Vegvesen byr inn til framsyning for å korte ned på ventetida mot opning.

– Sjølv om framdrifta på utbygging av E 16 Øye–Eidsbru, og med det Rødølstunellen, har gått tregare enn forventa, nærmar det seg no opning. Utan trafikk i tunnelen vil alle få god tid til å sjå seg om, lære litt meir om korleis ein tunnel er bygd og fungerer og i tillegg få god mosjon, seier ordføraren som også blir med på marsjen.

Det er lagt opp til gjennomgang av dei elektroniske sikkerheitssystema på turen, og det blir servering og song frå Vangskoret.

Både ordføraren og Vegvesenet understrekar at alle interesserte er hjarteleg velkomne!