Nyheit

Bokkveld på biblioteket onsdag

  Nyheitsarkiv
28. nov 2019
Reinsdyr på Filefjell. Foto Anders Lundberg.
Utdeling av positivprisen, og feiring av urfolksspråkåret 2019

 Onsdag 4. desember kl 19.00 er det duka for den tradisjonsrike bokkvelden på Vang folkebibliotek.

Kvelden avsluttast i kjent stil med at ordførar Vidar Eltun deler ut prisen til Årets positive vangsgjelding. Kven som er nominert er ikkje kjent, og det knytt seg alltid stor spenning til kven som får den gjeve prisen.

Det er formannskapet som handsamer dei innkomne forslaga og bestemmer kven som skal få prisen.

 Før prisutdelinga får vi to spanande foredrag. Kjell Bitustøyl har skrive fleire bøker om tamreinsdrift, og vil denne kvelden fortelje om tradisjonane for dette her i Vang. Bitustøyl er mellom anna journalist, forfattar, fotograf, folkemusikkarkivar og treskjerar.

Anders Lundberg vil presenterer boka Filefjell - Natur, folk og landskap, som kom ut tidlegare i år. Lundberg er professor ved Universitetet i Bergen, med fagleg hovudfelt innan mellom anna kulturlandskap, naturforvaltning, miljøkonsekvensanalyse og biologisk mangfald.

 Sidan 2019 er FN-år for urfolksspråk, nyttar vi høvet til å feire den samiske tradisjonen i Vang. I pausen får vi servert ein smakebit av reinskjøt på samisk vis. I tillegg har Vang husflidslag samla saman ei lita utstilling med gjenstandar laga i Vang, inspirert av samisk tradisjon.

Norli Fagernes er tradisjonen tru på plass og sel bøker. Arrangementet er i regi av biblioteket og frivilligsentralen.

Velkomne til ein triveleg og innhaldsrik kveld!