Nyheit

Erlend Haaverstad (37) er ny rådmann i Vang

  Nyheitsarkiv
11. apr 2019
Erlend Haaverstad er ny rådmann i Vang. Her er han i lag med kona Mina og ungane Peter, Signe og Astrid på Mugnetind førre sommaren.
Flytter frå Oslo med kone og tre ungar i sommar

Erlend Haaverstad (37) byrjar som ny rådmann i Vang denne sommaren.

Erlend er noko såpass sjeldant som gardsgut frå Stabekk, då han har vakse opp på ein av dei siste intakte gardane innanfor bygrensa. Familien har hatt ei enkel hytte ovanfor Kjørlien på Slettefjellet sidan 80-talet og det var etter at Erlend og kona Mina var ein vinter på denne i lag med ungane dei fekk auga opp for at Vang var endå meir enn flotte fjell.

– Vi har hatt Vang i tankane dei siste åra og eg kan ikkje sjå for meg nokon meir motiverande jobb enn rådmannsjobben i Vang. Eg håpar å bidra saman med politikarar, administrasjon og ikkje minst innbyggjarane i Vang til å finne god løysningar som både gjev ein verdi til Vang og som skapar optimisme kring framtida, seier Haaverstad om den nye jobben.

Han har yrkesbakgrunn frå Forsvaret der han dei siste åra har vore kontorsjef. Utdanninga er frå Sjøkrigsskolen og BI, der vinteren i Vang vart nytta til å ferdigstille masteroppgåve om sosialt samfunnsansvar ut frå ein plass på Kontorfellsskapet 1724.

Blir vangsgjeldingar

Erlend og Mina har ungane Peter (8), Signe (6) og Astrid (2) og familien nytter sommaren på å installere seg i Vang med både ungar, hestar, høner, katt og hund.

– Akkurat det praktiske rundt flytting er jo ikkje det artigaste, men det vi gler oss stort til å komme på plass i Vang og verta Vangsgjeldingar sommar. Vi er utefolk der både husdyr, friluftsliv, jakt, fiske og ikkje minst opplevingar i lag med barna er noko vi brukar fritida vår på. I så måte ser vi lyst på både arbeid og fritid i Vang.

Familien er no på husjakt i Vang, mens Mina som er lektor av utdanning er i gang med å søkje på jobbar i regionen.

– Hytta på Slettefjellet kan vera ein base i starten, men ein ny vinter med både vare- og ungetransport på pulk til hytta er nok ikkje aktuelt.

Framtidsretta

I fyrste omgang kjem Haaverstad til å konsentrere seg om å verta godt kjent med Vang sine innbyggjarar, bedrifter, etatane og avdelingane i kommunen, samt dei folkevalde organa.

- Eit best mogleg arbeidsmiljø blant dei tilsette i kommunen og eit ope og tillitsfullt forhold til innbyggjarar og folkevalde er naturlege ambisjonar i starten.

Effektiv løysing av pålagte oppgåver og vidareutvikling i staben er også høgt på agendaen.

– Vi skal gje gode, faglege og ikkje minst framtidsretta råd til dei folkevalde. Dette er særs viktig for at Vang held fram med å utvikle seg som ein attraktiv kommune for framtidas næringar og generasjonar, seier Haaverstad.

Godt nøgd ordførar

Etter at mangeårig rådmann i Vang, Reidar Thune, meldte frå på førre kommunestyremøte at han pensjonerer seg til sommaren, har det vore ein rask men grundig prosess for å finne ny rådmann.

– Eg er på vegne av Vang kommune glad for at Erlend Haaverstad får tilbod om å bli ny rådmann i Vang. Ut frå ei samla vurdering meinte formannskapet at han, blant mange andre gode søkjarar, var det mest eigna. Kommunestyret har altså no gjeve samrøystes tilslutnad til dette, seier ordførar Vidar Eltun.

Han tykkjer Haaverstad verkar til å vera ein stødig kar med solid utdanning og relevant erfaring innan offentleg forvaltning.

– Tidlegare arbeidsgjevarar og kollegaer har berre godord å koma med om Erlend. Han verkar til å vere ein imøtekomande og hyggeleg mann som set høge krav til seg sjølv og sine tilsette, seier Eltun.



Sjølv om det ikkje har noko med tilsetjinga å gjera tykkjer ordføraren at det er stas at heile familien er på veg til Vang. Han ser også positivt på kjennskapen til Vang som mangeårig hyttegjest og ein vinter som fastbuande.

– Det er ei stor oppgåve å ta over for erfaringa og kunnskapen til sitjande rådmann Reidar Thune. Men me som politikarar skal gje Erlend tid og høve til å finne sin måte å vere rådmann på. Eg har stor tru på dette vil til beste for tilsette, for politikarar og for alle innbyggjarar og gjester som er i Vang, avsluttar Eltun.