Nyheit

Fjellspireforteljingar og gründerprat på Vinjerock

  Nyheitsarkiv
17. jul 2019

Kunne du tenke deg å ha fjella utanfor kontordøra, ein spennande sommarjobb og teste ut livet i ei fjellbygd? Det har ei gruppe Fjellspirer gjort denne sommaren, og dei fortel oss korleis det har vore. Fire kontorfellesskap i Hallingdalen, Gudbrandsdalen, Numedal og Valdres gjekk i år saman om å tilby studentar under høgare utdanning relevant sommarjobb i bygde-Norge. Målet var å bevise at ein ikkje treng å flykte til storbyane for å få brukt utdanninga si. Dei tretten fjellspirene har blant anna jobba som programmerar, journalist, fotograf og innhaldsprodusent. Nokre har vore med å skipe festivalen Huckfest, andre har laga dronevideoar for Gjendesheim, nokre har gått i fjellet og tracka turar og tre har hatt base på 1724 i Vang. Fylkeskommunane Oppland og Buskerud, samt Sparebank1 i Hallingdal Valdres og Lom og Sjåk, har spytta inn prosjektmidlar for to år til, så dei fire kontorfellesskapa skal lyse ut nye jobbar for sommaren 2020. I tillegg kjem det folk frå Kontorfellesskapet 1724 i Vang i Valdres. På 1724 sit det ein gjeng med gründerar, sjølvstendig næringsdrivande og andre som har prøvd lukka, og lukkast, med å drive bedrift i og frå ei fjellbygd. Fjellspirene og folka på 1724 presenterer seg sjølv kort før det blir mingling, kaffi og moglegheit til å få svar på stort og smått. Vinjebua på Eidsbugarden klokka 13 - kom innom då vel!