Nyheit

Fjorten nye på Fredagkos

  Nyheitsarkiv
12. okt 2015
Sytti til bords og hundre på fest

Med fjorten nye vangsgjeldingar og nesten sytti til bords baud fredagens pøbbkveld på Mjøsvang kafé på bygdefest med topp stemning.

– Det er stor stas med såpass mange nye sambygdingar på plass her i kveld! Det er også artig å sjå såpass mange vangsgjeldingar godt ned i tjueåra på Fredagskos, innleia Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn etter middagen.

Som vanleg var det då klart for ein kort introduksjon av alle dei nye i bygda før kveldens quiz. 

Pøbbkveld

Det var pøbbtema på haustens Fredagskos. Altså godt øl, pizza-buffet, quiz, musikk og småprat i trivelege omgjevnader på Mjøsvang kafé.

Yngste festdeltakar var seks veker denne kvelden. Eldstemann nærma seg sytti. Også mange unge vaksne frå andre delar av Valdres hadde teke turen til Vang for pizza og quiz. Fleire fann også fram til Mjøsvang godt utpå kvelden, så på eit tidspunkt var det nærmare 100 stykker på fest.

Fire gonger i året arrangerer Innovangsjon Fredagskos. Å knyte kontaktar mellom bygdefolk som kanskje ikkje treffast i det daglege gjennom ein triveleg kveld og ein god fest er hovudmålet med Fredagskosen i Vang.

Neste Fredagskos er konsert-kveld på Åsvang med Good time Charlie, fredag 20. november i samarbeid med Valdreskvelven og Vang Frivilligsentral.