Nyheit

Vangsbedrift med trådlaust nett i Valdres Storhall

  Nyheitsarkiv
27. apr 2016
  • Marek Pietrulewicz i Fleten.net og Carl Frithjof Tidemand-Johannesseni Valdres Storhall er godt nøgd med samarbeidet om trådlaus nettløysing.
  • Størrelsen på Valdres Storhall er heilt uproblematisk for Fleten.net å serve med kjapt internett.
  • Marek Pietrulewicz er Fleten.net sin Valdres-medarbeidar.
  • Ser du godt etter i taket ser du nokre av boksane fleten.net har sett opp for å serve heile storhallen med trådlaust nett.
  • Fleire stader i storhallen finn du informasjonsskjermar som Fleten.net har sett opp.
Siktar seg inn på reiselivet i regionen

Fleten.net med sin norske base på Kontorfellsskapet 1724 syter for trådlaust internett og informasjonsskjermar hjå Valdres Storhall.

– Folk forventar at det skal vera nett tilgjengeleg på offentlege stader i 2016. Fleten.net kunne levere det vi trengte raskt og til ein god pris, difor var valet greit, fortel dagleg leiar ved Valdres Storhall, Carl Frithjof Tidemand-Johannessen.

Etter å ha snudd seg fort rundt og syta for oppfølging døgnet rundt i dagane før opninga, var nettet frå Fleten.net i stabil drift til fyrste fotballspelar var på plass i hallen.

– Servicen både i dei hektiske dagane før opning og no etterpå i vanleg drift har vore heilt topp, i følgje Tidemand-Johannessen.

Ei enkel løysing

Fleten.net har altså sett opp den trådlause nettverksløysinga i Valdres Storhall. Det betyr eit ope nett for publikum, pluss at både arrangement og dei som driftar storhallen til vanleg har tilgang til eigne lukka nett.

– Det har fungert særs godt på dei arrangementa vi har hatt her til no. Publikum har hatt kjapt og gratis nett, samstundes som at kapasiteten for oss på arrangørsida har vore meir enn god nok for å kjøre betalingsløysingar og likande, fortel Tidemand-Johannessen.

Han har nett fått på plass ei avtale med Eidsiva som syter for kjapt nett via fiber inn til storhallen. Med kontor og klatre-del er storhallen på nesten 11000 kvm. På tross av strørrelsen er det ein grei jobb for fleten.net.

– Det er løysingar som dette vi har spisskompentase på, så sjølv om vi lyt opprette ein del punkt i bakkant er det ikkje særleg komplisert for oss å syte for at alle delar av storhallen har kjapt nett, fortel Marek Pietrulewicz som jobbar ute i felt for fleten.net sin Valdres-avdeling.

Tilbod til reiselivet

Valdres Storhall er den fyrste store privatkunden fleten.net har i Valdres. I følgje dagleg leiar Kjetil Fleten, er ambisjonen å hjelpe langt fleire med gode trådlause nettløysingar.

– Hotell, sentrumsområder, kontorlandskap og campingplassar er alle aktuelle kundar for oss. I tillegg til trådlaust nett kan vi sette opp informasjonsskjermar som enkelt kan styrast frå ei vanleg datamaskin over det same trådlause nettet. Vi gjer det med andre ord enkelt for reiselivet og andre aktørar å vera på nett, fortel Fleten.


Hallingdal, Valdres og Sogn er aktuelle marknader å betene frå Valdreskontoret. Skal vi tru Tidemand-Johannessen i storhallen er det godt nett ein enkel måte å syte for nøgde kundar på.

– Målet er ikkje at alle skal surfe på telefonen til ein kvar tid, men du vert oppfatta som useriøs om du ikkje har eit kjapt nett det er enkelt å logge seg på. Så enkelt er det!