Nyheit

fleten.net vert Cisco-partner

  Nyheitsarkiv
21. sep 2016
Fleten.net si avdeling på Kontorefellesskapet 1724 i Vang er bemanna av Marek Pietrulewicz som følger opp bedrifter i heile regionen
Kvalitetsstempel

Vangsbedrifta fleten.net som leverar trådlaust nett til bedrifter har fått kvalitetsstempelet «Cisco select partner».

- Med den nye sertifiseringa som «Cisco select partner», har vi ein kvalitetsstemling frå Cisco på at vi veit kva vi held på med. Det gjer kundane våre sikkerheit for at vi leverer løysingar av høg kvalitet som virkar som dei skal, fortel dagleg leiar Kjetil Fleten i fleten.net.

I tillegg kan fleten.net med dette gje skarpare priser, samt selje serviceavtalar for Cisco.


– Dette er for dei som treng ekstra sikkerheit, for eksempel «neste arbeidsdag-erstatning» på utstyr eller garantert responstid på support om noko går i stykker.

Løyser alt av IT-oppgåver

Kontoret i Vang er bemanna av Marek Pietrulewicz som følger opp bedrifter i heile regionen. Fleten.net har mellom anna levert den trådlause løysinga til Valdres Storhall

– Sjølv om vi no har spesialisering i Cisco–nettverk, løyser vi alt av IT-oppgåver, også rådgjeving, fortel Fleten. 

Eit av konkuransefortrinna til bedrifta er at dei også er spesialistar på  OpenSource plattforma Ubuntu, noko som gjer at dei leverer IT-system til vesentleg lågare pris enn tilsvarande Windows–basserte system.

- I tillegg er sjølvsagt den personlige kontakten, servicen og engasjementet gode grunnar for å nytje oss, fortel Fleten.