Nyheit

Fyldig førjulsmarkand

  Nyheitsarkiv
18. nov 2015
Laurdag og sundag på Øye skule

Om lag tretti utstilllarar er på plass til den årlege førjulsmarknaden i Øye denne helga. Tradisjonsmat, husflid, tekstilar og «mykje meir» er stikkorda for det som er til sals.

– Kort fortalt vert det mange dyktige og kreative folk med både etelege og ikkje-etelege produkt, fortel Kari A Hermundstad i arrangørgjengen.

Marknaden er frå 11-16 laurdag og 12:30-16 sundag på Øye Samfunnshus.

Lefse, lefsekling, kransekake, røykt aure, rakfisk, spekepølse, ost, gele, chutney, marsipan, kurv, strikk, vev, toving, nisser, tekstil, trearbeid, lærarbeid, kjeskinn, møbelrestaurering, låveroser, bøker , kalender og husflid er av det som er til sals denne dagen. Elles er det gudsteneste sundag, lappesalg og gjesteutstillarar.

Les meir på facebook og sjå plakaten her :-)

Førjulsmarked 2015 plakat.jpg