Nyheit

Førti på fredagskos i Varmestøga

  Nyheitsarkiv
02. mar 2015
Ski, pizza og quiz

Ein god blanding av vangsgjeldingar og hyttefolk samla seg til fredagskos i Varmestøga på Tyin–Filefjell fredag.

Ski, pizza og quiz var ingrediensane i årets fyrste fredagskos. Frå fem til åtte var det nemleg vanleg kveldskøyring i ein alpinbakke som hadde fått gode påfyll med nysnø dei siste dagane. Frå sjutida var det så pizzabuffet, mens quiz-start var sett til klokka ni. Med kategoriane «friluftshelter», «hunderasar», «Snøfilm», «musikk», og «diverse», tok det ein drug time før ein vinner vart kåra.

Mot slutten av kvelden kom ein god gjeng med festklare folk frå bygda, så totalt om lag 60 var innom Varmestøga på fredagskosen som vara fram til midnatt.

Ekstra triveleg var det at også ein del hyttefolk tok turen innom fredagskosen.