Åsvang skule er i aktiv bruk året gjennom og Vang kommune skipar no til folkemøte for å sjå på korleis det gamle skulebyggjet skal nytjast i tida som kjem.
Bakgrunnen for møtet er ein ide om å utvikle Åsvang til ei kulturscene ved sidan av rolla som samlingspunkt i bygda.
– Frå kommunalt hald er dette ein ide vi ynskjer å sjå om er realistisk å få til på Åsvang. Det fordrar sjølvsagt at dette vert ei god løysing for dagens leigetakarar samstundes som det vert rom for dei endringane som krevjast for å få kulturscena til å fungere godt, fortel kulturkonsulent i Vang kommune, Oddbjørn Skeie.
Møtet vert i gymsalen på Åsvang skule sundag 17. februar frå klokka sju.
Velkommen!