Nyheit

– 30 år for seint ute

  Nyheitsarkiv
29. apr 2015
  • Statsvitar Svenn Arne Lie satte fleire spørjeteikn ved kommunereformen.
  • Mange frå salen tok ordet i løpet av kvelden.
  • Eli Blakstad frå fylkesmannen i Oppland var regjeringa sin forlenga arm i Vang denne kvelden.
  • Rådmann Reidar Thune, ordførar Vidar Eltun, statsvitar Svenn Arne Lie og Eli Blakstad frå fylkesmannen svara på spørsmål.
90 på folkemøte i Vang

– Då eg starta i Vang kommune for tretti år sidan var posten og fast-telefonen våre einaste kjelder til kunnskap vi sjølve ikkje hadde. Då kunne ein hatt noko att for å vera større fagmiljø. No er den nyaste forskinga fire tastetrykk unna, og primærhelsestilbodet lyt same kva utførast der folk er, så eg meiner ei kommunesamanslåing ikkje har noko føre seg, seier fysioterapaut Bjørg Olimb til panel og eit fullsett auditorium på Vang barne og ungdomsskule. Applausen ho får snakkar for seg sjølv, ho  har mange meiningsfellar i salen. 

Med 90 vangsgjeldingar på plass og innleiarar frå «båe» sider av debatten låg alt til rette for ein kveld i lokaldemokratiet sitt teikn denne tysdagen i Vang. 

Still dei rette spørsmåla

  Fyrst lyt eg seia at gjennomsnittsalderen her i salen er lågare enn på ein del andre stader eg har vore og prata i det siste. Det er eit viktig poeng som dykk lyt ta med vidare, innleiar Svenn Arne Lie, statsvitar og tidlegare rådgivar i Fagforbundet, med. Vidare stillar han tre enkle spørsmål til salen. 

  • Kvar står vi?
  • Kva vil vi?
  • Kva gjer vi?

– Det vanlege i kommunesamanslåingsdebatten har vore å starte med det siste. Altså at samanslåing er svaret. Det vert litt feil. For jo meir du veit om eit problem, jo enklare vert det å finne ei løysing, seier Lie.

Vidare fyrar han av fleire poeng som set omgrep som «robust» (kva er vel det?), 15.000 innbyggjarar (tenk på eit tal..) og tenestetilbod (som innbyggjarane i småkommunane er langt meir nøgd med enn i dei store) i nytt lys. 

– Kva skjer eigentleg om ein slår saman to kommunar med mange som har gått ut av yrkeslivet? Vel,  det vert i alle fall ikkje færre av dei, seier han til humring frå salen. 

– Privatiseringsreform?

Lie går langt i å seie at regjeringspartia eigentleg er ute etter å setja i gong ein privatiseringsreform, og for å koma dit lyt ein fyrst lage større kommunar. 

– Sanner seier ikkje dette rett ut, men det gjer for eksempel sjefen i NHO service, som samlar mange av bedriftene som tener pengar på å tilby omsorgstenester. «Små kommunar gjer det vanskeleg å tene pengar på å drive velferdstenester», er han sitert på. Enkelt og greitt. 

Lie meiner dette er eit skummelt bakteppe, og at det er viktig å hugse på at velferdsstaten Noreg, og alle kommunane, skil seg mykje frå eit privat firma. Kommunestyret er eit folkevalt organ som skal forvalte fellesskapet sine skattemidlar og behov, og som styrast av demokrati, innsyn og kontroll. Ei bedrift på si side har eit styre peikt ut av leiarane for å sikre avkastning på investert kapital. Her styrer ein med fokus på pris og inntening. 

– Dessverre ser vi at regjeringa har liten politisk bevisstheit på forskjellen mellom produksjon og forvalting. 

På trass av alt dette påstår Lie at han ikkje er i mot kommunesamanslåing. 

– Men å debattere med utgangspunktet at det er løysinga, utan å ha eit reelt problem, det er ikkje heldig. I mange kommunar går ein rundt og trur ein lyt slå seg saman - det er heilt feil. Tenk på kommunesamanslåing som eit av mange mogleg verkemiddel  for å nå konkrete mål ein har sett seg, avsluttar han. 

Viktig prosess

– Det er viktig å hugse på at dette er ein frivillig reform, men at alle er invitert til å ta ein diskusjon for at innbyggjarane skal forstå innhaldet i reforma best mogleg. Difor er det gledelig å sjå såpass mange i salen her i dag, innleiar Eli Blakstad, avdelingsdirektør for fylkesmannen i Oppland .

Ho er regjeringa si forlenga arm i salen denne kvelden, og greier nøkternt ut om både status, prosess og konsekvensar. 

– Kommunane i Valdres skal gjere vedtak før nyttår i år om dei ynskjer kommunesamanslåing eller ikkje, mens forslaget om ny kommunestruktur i Noreg fyrst skal behandlast av Stortinget til sumaren 2017, fortel Blakstad. 

Ho set også av tid til å sjå litt på konkrete oppgåver for nye kommunar, samt informere om utvalte detaljar.  Ein relativt sett liten sak om at jakt og fiske i statsallmenning fylgjer gamle kommunegrenser for kva som reknast for «innabygds» er nytt for dei aller fleste.  Ho kjem også med mykje skryt til Vang i ulike former.  

– Eg sit her med ein rapport frå Østlandsforskning der Vang er eit lyspunkt dei siste fem åra. Dei har snudd folketalsutviklinga og har eit relativt sett sunt næringsliv, fortel ho. På grunnskolepoeng (snittkarakter ut frå ungdomsskulen) er dykk nest best i Oppland dei siste fem åra, så det er ikkje tvil om at det vert jobba bra på mange områder i Vang. 

Dei rette spørsmåla

Etter ein times innleiing og den obligatoriske kaffipausen, er det klart for publikum. Rådmann Reidar Thune og ordførar Vidar Eltun finn sin plass i panelet saman med Blakstad og Lie, mens Marte Tangen styrer ordet. Snart er talelista lang. 

Jørand Lunde startar ballet med å spørje om både inntektssystemet, konsesjonskraft og rekrutteringstilhøve i kommunen. Om inntektssystemet er det stor uvisse, mens rådmannen informerer om at ny-rekrutteringar stort sett går greitt i Vang. Ordførar Eltun forsikrar om at Vang skal ta det naudsynte ansvaret for å sikre varige verdiar frå kraftutbygginga i Vang. 

Helge Lajord melder seg på med ein lang kommentar og eit par spørsmål.
– Kan du fortelje om ein plass som har fått befolkningsauke ved sentralisering? Er det nokon som trur at svaret er ja, så vil eg gjerne høyre det. Og er det eigentleg ein demokratiseringsprosess, som dei hevdar? No har vi 17 i kommunestyret, mens vi vert 10 % av innbyggjarane i ei ny storkommune. 

Så slenger Lie seg på med ein kommentar om andre moglege løysingar på befolkningsnedgang enn det å slå seg saman. 

– For nokre år sidan gjekk straumnettet ein plass i Nord-Sverige ned i fleire veker. Kva skulle ein då finne på? Det vart babyboom det året, kan han informere mens salen humrar. 

Tore Guldbrandsen lurer på kvifor Sanner ikkje seier det det som det er? At dette er ein privatiseringsprosess. Til det har ikkje Blakstad anna svar enn at det er ein politisk diskusjon ho ikkje ynskjer å gå inn på.  

Bjørg Olimb kjem med sitt perspektiv som fysioterapeut i Vang gjennom tretti år. 

«Vi er alle tenestemottakarar. Nokre oss er også tenesteytarar. Det er viktig med kort veg mellom desse. På same tid er det heilt greitt med lengre veg til dei spesialiserte som ein bruker sjeldnare. Og etter tretti år her i Vang har eg lært at sjølv om ting kan verke vanskeleg i Vang til tider, så er det sjeldan betre det vi høyrer frå kollegaer andre stader. Eit anna aspekt er at telefon og post ikkje lenger er einaste kjelder til ny kunnskap. No er all kunnskap tilgjengelig - så om vi skulle slått oss saman skulle vi gjort det for tretti år sidan. Eg skjønar verkeleg kvifor vi skal gjera dette no, avsluttar ho til applaus frå salen.

Ordstyrar Tangen trekk inn reforma som har vore gjennomført i Danmark og Lie greier ut litt om konsekvensane.

– Det dei gjorde der liknar litt på det ein vil løyse her. Kartet var teikna på førehand og reforma gjennomført. Det synte seg så at det ikkje var noko å spare på det, sjølv om det var hovudmotivasjonen for reforma. Det er nemleg alltid nokon som må ta avgjerda. Der har lokalmiljøet ein funksjon. Det heile handlar om prosess , vi løyser ikkje problem, vi finn måtar å handtere dei på. 

Gamleordførar Knut Hålien greier så litt ut om konsesjonskrafta i Vang.
– Den konsesjonskrafta kommunen ikkje tek ut sjølv går til fylkeskommunen. I ei storkommune vert det fordelt jamnt utover, så er ein ferdig med det.  I Vang har vi teke vare på kraftressursane  over fleire generasjonar. Nord Aurdal kommune kvitta seg med sine aksjar og var ferdig med det. Sør Aurdal har leigde bort sine ressursar dei neste femti åra. I ei storkommune kan ein ivrig økonomisjef plutseleg overbevise om at det er lurt å selje seg ut. Her har vi i alle fall vist at vi kan forvalte ressursane våre.

Det vert applaus, og Lie slenger seg på med ein kommentar og at kraftverk er ei pengemaskin. Ja, rett og slett ei maskin som lager peng. Klart ein vil ha det. 

Kari Birgit Lien, oppmålingsingeniør i Vang kommune, poengterer at dei aller fleste av dei nye oppgåvene kommunane skal få i følgje stortingsmelding berre er på visjonsstadiet; det meste vil krevje meir utgreiing, lovendringar, flytting av ansvar og oppgåver frå fylkeskommunen og fylkesmannen, noko som igjen betyr at det ligg langt fram i tid. Ekspertutvalet ser for seg langt større kommunar enn 15.000, nedlegging av fylkeskommunen og meir enn halvering av fylkesmannensembeta om nye oppgåver skal få innhald.

Helge Lajord minnar så om at alt handlar om peng. Det er berre å skru att krana, så skjer det ting i kommunane.  

Blakstad informerer då om dei økonomiske føresetnadane som ligg til grunn for reforma, men understrekar at mykje kan endre seg under vegs.

Guro Råheim Kvam, leiar for Institusjons- og heimebaserte tenester i Vang tek ordet. 
– Vi skal få mange tunge helseoppgåver til Valdres ved ei samanslåing. Vi blir pr. def. ei robust kommune, men så lenge vi har same demografi - kvifor er samanslåing svaret? Det vert akkurat dei same utfordringane om vi er 1700 eller 18000 i kommunen. Det er allereie greia ut kva vi kan samarbeide om, og der er VLMS det fornuftige svaret. 

Marita Østborg kommenterer at det er viktig at Vang ikkje vert borte i statistikkane. Tor Jørstad informerer då at Vang skilte seg veldig klart ut i forhold til resten av Oppland i spørjeundersøkinga som vart gjennomført i 2014. Folk i Vang var tilfreds. 10 prosent trudde at vi ville få det betre med å slå seg saman, noko som er langt mindre enn i andre kommunar. Det same gjaldt skule, barnehage og eldreomsorg. Berre 7 prosent trudde det ville verta betre eldreomsorg. Vi var rett og slett innmari spesielle. 

Folkeavstemming vert så debattert litt og Lie set det skåpet på plass ved å seie at «Er det ein ting ei kommune bør ha folkeavstemming om så er det om ein bør slutte å eksistere.»

Sist ut frå salen denne kvelden er Toril Guldbrandsen som snakkar dei tilsette i kommunen si sak. Kva for rettar har ein eigentleg om det vert storkommune og arbeidsplassen vert fløtt til Fagernes eller Begnadalen? Lyt ein flytte etter? Og kva skjer eigentleg med interkommunale samarbeid?

Heile panelet dveler litt ved dei interkommunale samarbeida. Det er fleire moglege løysingar. Mellom anna at det held fram som før, eller at Vang kjøper tenester utanfrå.

Lie avsluttar så med ei oppmoding.
–Kva vil dykk oppnå med Vang? Bruk reformkronene til å finne ut kva som er problemet her. Vi løyser nemleg ingen ting ved å slå saman noko som helst. Fakta, frivilligheit og folkeavstemming er tre gode stikkord å ha med seg framover. 

Før ordføraren avrundar kvelden med å spørje kvar dei som meiner Vang bør slå seg saman er?
– Viktig at vi ikkje vert så einige at dei som ikkje tørr seie noko også slepp til. Hugs at vi har postkassene rundt om i kommunen som alle kan bruke anonymt.