Nyheit

Folkemøte om kommunereform

  Nyheitsarkiv
21. apr 2015
På VBU 28. april

Kommunereformen er eit viktig prosess som med rette engasjerer mange. 28. april inviterer arbeidsgruppa i Vang til folkemøte på VBU klokka 19:00. Vi håper så mange som mogeleg, både gamle og unge, frå alle delar av kommunen møter opp med sine spørsmål og innspel.

Det blir to innleiarar; Eli Blakstad, avdelingsdirektør for fylkesmannen i Oppland og Svenn Arne Lie, statsviter og tidlegare rådgivar i Fagforbundet.

Etter innlegga frå desse på til saman ein time blir det god tid til meiningar og spørsmål frå salen.

I tillegg til innleiarane vil ordførar og rådmann vere tilgjengeleg for spørsmål. Arrangør er arbeidsgruppa som i tillegg til rådmann og ordførar består av Johannes Havro, Marte Tangen, Kari Birgit Lien og Tor Jørstad samt referent Hallgrim Rogn.

Vår oppgåve er å få mest mogeleg innspel frå lokalbeforkninga samt distribuere  informasjon kring prosessen, og i siste runde kome med eit innspel til kommunestyret i november, som skal avgjere den vidare utviklinga.