Nyheit

Fredagskos hjå Bøflaten Camping

  Nyheitsarkiv
23. mai 2019
Bøflaten camping framstår i heilt ny drakt etter to år med oppgraderingar. No inviterar Joar Rye og resten av gjengen ved campingen til heilgrilla Tyinlam og Fredagskos i juni.
Inviterer heile bygda til grillfest

Etter fleire større oppgraderingar dei siste to åra ynskjer Bøflaten camping å syne seg fram for bygda og inviterer i lag med Innovangsjon til Fredagskos 14. juni.

– Det har vore ei artig periode der mange handverkarar i Vang har gjort solid arbeid og vi verkeleg har investert for å løfte Bøflaten Camping. No er vi i mål med det aller meste og det passar godt med ein fest for bygda, fortel dagleg leiar ved Bøflaten Camping, Joar Rye. 


Festen tek form som ein Fredagskos den 14. juni frå klokka sju med både lammelår av Tyinlam og andre godsaker er på grillmenyen. 

Innovangsjon har ein liten campingquiz og det vert både pratemusikk, bålkos og dansemusikk ut over kvelden.

Påmelding til grillfest til hallgrim@vangivaldres.no innan 12. juni. (CC kr 200,-)


NB: Maks femti plassar – 18 års aldersgrense. Og ja, hugs å invitere både gamle og nye sambygdingar med på fest. Fyrste Fredagskos er alltid gratis for nye sambygdingar.

Mykje nytt

Etter bygging av tre feriehus, heilt nytt toalett-anlegg, grillplass og mykje anna i fjor vart det solid omsetningsauke 30 % førre året. Førehandsbookingane i år tyder på vidare vekst, og investeringane held fram.

- Vi har pussa opp to leilegheiter i hovudbygget for utleige året gjennom. Men det campinggjestar flest flest kjem til å merke best er eit splitter nytt kjøkken med utsyn og eteplassar der alt ligg godt til rette for sjølvhushald for dei ferierande, fortel Rye.