Nyheit

Fredagskos på Mjøsvang

  Nyheitsarkiv
15. sep 2016
Pizzabuffet, quiz og sjølvsagt; topp stemning!

Fredag 23. september er det klart for fredagskos på Mjøsvang Kafé. DeLuxe pizzabuffet, quiz med premiar og pratefest er på programmet.

 

- Det har vorte tradisjon å starte fredagskos-sesongen med pizzafest på Mjøsvang. Det er alltid god stemning og eit ypperleg høve for å slå av ein prat med gamle og nye sambygdingar, seier Hallgrim Rogn i Innovangsjon som saman med Mjøsvang kafé skipar til festkveld.

 

Om du er ny i bygda, eller har budd her heile livet er du velkomen til ein koseleg fredagskveld i godt lag!

påmelding til hallgrim@vangivaldres.no innan 21. september

 

PROGRAM

20:00: Pizzabuffet «DeLuxe» + presentasjon av nye vangsgjeldingar.

21:00: Quiz med premiar.

22:00: Musikk, øl, pratefest.

 

Pris kr. 200,- pr. pers.

 

PS: Har du ikkje moglegheit til å koma klokka åtte er det lov å koma ein tur i ti-tida for å få lufta seg litt ein fredagskveld.

 

Kontant og kort.

 

Nedre aldersgrense: 18 år.

Øvre aldersgrense: ingen.