Nyheit

Fullt hus på Fredagskos

  Nyheitsarkiv
29. feb 2016
Det var ein god miks av folk som hadde funne vegen til Fredagskos med fondue på Filefjellstuene.
Lokalt kjøt som trekkplaster

70 stk samla seg rundt fonduegrytene på Filefjellstuene fredag der høylandsfe frå Sørre Kjøs og reinsdyr frå Filefjell reinlag var hovudattraksjonen.

– Alle var her! Vangsgjeldingar frå 20-åra til 60-åra, fleire av dei heilt ferske. I tillegg var det ein del hyttefolk og ein god gjeng frå andre stader i Valdres. Alt i alt ein særs bra gjeng, fortel Hallgrim Rogn i Innovangsjon.

Fredagskos vert arrangert av Innovangsjon fire gonger i året på ulike stader i Vang. Mat, kviss og musikk er faste ingrediensar, og nye sambygdingar vert særleg invitert inn.

– Fondue er ein sosial måte å ete på og det var artig med såpass mykje folk til bords. Vi laut faktisk seie nei til folk som meldte seg heilt på tampen, fortel Jolanta Akelaitiene ved Filefjellstuene.

«Mat frå Vang» og «Kongevegen over Filefjell» var to av kategoriane kvissen etter middag. Vinnarlaget visste både årstal for ferdigstilling av Kongevegen og namnet på lokalmatprodusenten med flest Instagram- fylgjere i bygda, og sikra seg eit eksemplar kvar av Vang-koppen. Resten av kvelden gjekk til prat, fest og nye kjennskap.